Mistenkt for å køyre med promille

Politiet stoppa ein bilist i Rukkedalsvegen i Nesbyen torsdag rundt klokka ni. 

I kontrollen viste det seg, ifølgje politiet, at bilføraren var berusa. Han vart derfor teken med til blodprøve.