Dette biletet er frå koronatesting i Ål.

Koronasmitta laug og skjelte ut smittesporarane: – Tungt og krevjande

Smittesporingsgruppa i Hemsedal møtte kraftig motstand då dei prøvde å nøste opp i smittetilfelle frå helga. No vurderer kommunen å melde fleire av dei smitta til politiet.

– Folk har nekta å ta telefonen når sporarane har ringt. Dei har loge, og hissa seg opp. Rett og slett vist ei svært utagerande haldning. Dette er godt vaksne folk som burde vite betre, seier ordførar Pål Rørby.

Seint onsdag kveld, rett etter at kommunestyremøtet i Hemsedal var avslutta, kom det beskjed til kommunen om at folk som var på besøk i bygda sist helg har testa positivt for koronaviruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein gjeng som har kome utabygds frå. Dei har vore i ulike sosiale lag, særleg i området der dei har hatt hytte eller leilegheit. Totalt er ti personar innanfor denne kretsen no bekrefta smitta. I tillegg har to til utvikla symptom, og blir også rekna som smitta, fortel Rørby.

Tøff oppgåve

Alle desse har reist heim. I deira eigne heimkommunar har lokale smittesporarar jobba seg 48 timar bakover etter at dei positive prøvene kom. Det hjelper lite for Hemsedal, som hadde besøk av gjengen i helga.

Derfor måtte sporingsgruppa i Hemsedal setje i gang eigne undersøkingar for å prøve kartlegge kor gjengen har vore mens dei var i bygda.

Det viste seg å bli meir enn utfordrande.

– Sporarane vart møtt med negative haldningar, og direkte løgn, fortel Rørby. Onsdag kveld, natta og formiddagen torsdag gjekk med utan at dei smitta ville samarbeide. I staden opplevde sporarar å bli skjelt ut, og få lite eller ingen informasjon.

– Heldigvis, etter trykk frå både sporingsgruppa i deira eigne heimkommunar og vår, innsåg dei til slutt alvoret og vart meir medgjerleg. Men me har kasta bort enormt mykje tid og ressursar på å hale ut informasjon nok til at dette no nærmar seg ein verkelegheit, seier Rørby.

– Korleis opplevde smittesporarane å bli skjelt ut?

– Tungt. Unødvendig tungt og krevjande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde høg puls

Før dei smitta begynte å fortelje sanninga, heldt kriseleiinga i kommunen pusten. Kor hadde desse personane vore, kven hadde dei vore saman med og kven kunne dei potensielt ha smitta?

– Me hadde høg puls i går kveld. No har me fått ein betre oversikt, og kjenner ingen grunn til å slå den store alarmen. Eg trur lokalbefolkninga har gått klar. Men det me seier no treng ikkje vere rett om nokre timar eller i morgon, så me pustar ikkje heilt letta ut, seier Rørby.

Så langt har ein person i Hemsedal blitt sett i karantene.

Kan ende hjå politiet

Kommunen vil vurdere å melde dei smitta som ikkje ville samarbeide til politiet.

– Det skal me sjå på dei nærmaste dagane. Her er det jo fleire som bevisst har obstruert sporingsgruppa sitt arbeid, seier Rørby.

– I helga hadde Hemsedal framleis ei forskrift som sa at det ikkje var lov å samle fleire enn fem gjester. Kan det vere brot også på dette?

– Me har indikasjonar på at det kan vere forskriftsbrot. Me må undersøke dette i dagane som kjem.

Les også
– Me har lagkameratar me ikkje har sett sidan mars i fjor
Les også
Lyser ut stillinga som kulturhusleiar
Les også
Ingen spesielle reglar for nasjonaldagen: — Gå gjerne ut 17. mai, men hald avstand