Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har bestemt at vindmølla på Heinseter skal få stå.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har bestemt at vindmølla på Heinseter skal få stå.

Ministeren tek grep – reddar vindmølla i siste time

Etter planen skulle vindmølla på Heinseter rivast i vinter. No vil ministeren la vindmølla stå, og reise ein større debatt om korleis å fase ut fossil energi blant turisthytter.

Fredag kom meldinga: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har bestemt at Heinseter Fjellstue skal få behalde vindmølla. Det skjer berre få dagar etter at hanuttalte til Hallingdølen at han skulle ta seg ein tur opp til Heinseter Fjellstue for å snakke med eigarane så snart valet er over.

Vil ha fossilfri fjellheim

– Turisthyttene i verneområda skal på sikt bli fossilfrie. Heinseter har hatt vindmølledrift sidan 2002, og eg har difor bestemt at denne verksemda kan fortsette, seier Elvestuen til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Departementet vil i dialog med eigarane av Heinseter Fjellstue så snart som råd.

– Terskelen for naturinngrep i nasjonalparkar vil framleis vera høg. Me vil no vurdere om me har verkemiddel som gjer det mogleg på sikt å fase ut fossile energikjelder på hytter i fjellheimen. Samstundes skal verneverdiar takast vare på, seier Elvestuen.

Glad fornufta sigra

Knut Harald Brekke, som eig og driv Heinseter Fjellstue, hadde så vidt fått summa seg då Hallingdølen ringde for å få ein kommentar om gladmeldinga. Både han og kona Bjørg har ikkje lagt skjul på kor tungt det har vore å kjempe for vidare drift av mølla.

Vindmølla på Heinseter skulle etter planen forsvinne sporlaust frå den nordaustlege sida av Hardangervidda. Rivinga skulle starte alt i vinter. No blir det andre bollar.
Vindmølla på Heinseter skulle etter planen forsvinne sporlaust frå den nordaustlege sida av Hardangervidda. Rivinga skulle starte alt i vinter. No blir det andre bollar.

– Eg er veldig glad dei tok til vett og at det finst sunn fornuft, seier Brekke.

Etter å ha stanga mot byråkratiet sidan tidleg 2000-tal, ser han positivt på å endeleg få draghjelp til å halde dieselforbruket på eit minimum ved turisthytta.

* Vindmølla på Heinseter Fjellstue vart opna i 2001. Men då vindmølla gav mindre straum enn venta, fekk eigarane berre eit par år med prøvedrift i slengen.

* Utan varig løyve har det vore økonomisk uforsvarleg å investere for å få opp energiproduksjonen. For på tampen av kvar prøveperiode har dei risikert å måtte rive anlegget.

* Siste avslaget om varig løyve for vindkraftverket på Heinseter kom frå fylkesmannen i desember 2018, på bakgrunn av naturmangfaldlova og omsyn til verneområdet.

* Rivingsplanen er godkjend og skulle etter planen bli sett i verk i vinter. Etter 18 år med vindkraft har eigarane av Heinseter belaga seg på å måtte tilbake til å frakte meir diesel inn til turisthytta.

* No ser det ut som at den siste sesongen som miljøvennleg fjellstue likevel ikkje er komen.