Melder mykje nedbør torsdag - gult farenivå for skred
Det er berre å bu seg på meir nedbør att. Torsdag blir våt.
Varsom.no held fast ved gult farenivå for jordskred over store delar av Austlandet. Varselet gjeld heile området frå Telemark til Dovrefjell.
Gult farenivå betyr at det kan gå skred, men det ert likevel berre farenivå to. Då «Hans» kom inn over landet, var farevarselet både oransje og enkelte stader raudt.
Artikkelen held fram under annonsen.
30 mm nedbør
Yr.no melder om nedbørsmengd på opp mot 30 mm i Hallingdal torsdag. Nedbøren er likevel forbigåande. Fredag og dagane etterpå er det stort sett opphald.
Har normalisert seg
Hallingdølen skreiv denne veka om skredstatusen etter ekstremvêret «Hans». Geologar har vore ute i terrenget og vurdert blant anna mellombelse tiltak for å hindre nye skred. Geolog Kalle Kronholm i Skred AS uttalte at situasjonen har roa seg den siste tida.
– No er me tilbake til normalen. Det spesielle med «Hans» var at jorda var så metta av vatn. Då «Mini-Hans» kom 14 dagar etterpå, gjekk alle bekkane opp att med ein gong, fordi vatnet frå «Hans» ikkje var drenert ut. Etter den tid har det ikkje vore same intense regnvêr. No er det drenert, og me får ikkje same flaumtopp viss det regnar på nytt. Me er tilbake til normalen, uttalte Kronholm rett før sist helg.