Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen (t.v.) og beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen har omtrent arbeidd døgnet rundt siste to vekene. Smittespreiinga i Hol uroar.

– Me må tette alle smutthol viruset finn

Hol ligg i landstoppen med koronasmitta per innbyggar. No manar kommunen innbyggarane til kamp mot viruset.

Onsdag føremiddag var talet 27 smitta. Tre ligg på sjukehus.

- Hol er topp tre i landet. Ein lite hyggeleg liste, seier beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgd med regjeringa

Det er Hol som har vorte hardast råka i Hallingdal så langt. Derfor venta dei spent på regjeringas pressekonferanse tysdag ettermiddag. Men meldinga frå statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie var klar. Den totale stenginga av samfunnet skal halde fram.

- Meldinga frå regjeringa var tydeleg og ikkje til å misforstå. Me er veldig fornøgde med det, seier Bille-Larsen.

I Hol var dei spente på om hytteforbodet kunne bli noko vatna ut. Men forbodet mot hyttereiser gjeld framleis. Dermed lettar trykket på dei kommunale helsetenestene som rustar seg til endå tøffare tider.

- Det er heilt avgjerande, seier Bille-Larsen.

Stor trafikknedgang

Dei siste målingane av mobiltelefonar i Hol og Hallingdal elles, viser også at trafikken har gått kraftig ned etter at dei strenge reglane mot hyttereiser vart innført. Onsdag var talet i overkant av 21.000 telefonar. Det betyr at det kommune for kommune no omtrent ikkje finst tilreisande anna enn folk på gjennomreise på veg og jernbane. For snart to veker sidan, like før hytteforbodet vart innført, var talet i overkant av 53.000. Nedgangen svarar også til Telenors eigne tal. I ein rapport som vart lagt fram i slutten av førre veke, viste Telenor at nordmenn reiste 60-65 prosent mindre på få dagar.

– Ta ansvar

Telenors tal blir no brukt av dei nasjonale helsestyresmaktene for å måle om regjeringas tiltak har effekt. I Hol manar dei alle til å gjere sitt ytste for å bremse smittespreiinga.

- Dette er ein nasjonal og lokal dugnad, seier Bille-Larsen, og understrekar:

- Me må få folk til å ta ansvar. Det er ein vanskeleg situasjon, det er det for alle. Men me må tette alle smutthol viruset finn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.