Brit Fyksen.
Brit Fyksen.

Måtte setje fleire politifolk på vakt

Politiet i Hallingdal ser seg nøydde til å bemanne opp på grunn av studentarrangement.

Sundag inntok fleire hundre studentar dalen for ei halv veke med fest og moro. Alt natta etter måtte politiet rykke ut til Pers Hotell i Gol to gonger. Blant anna fordi ein vestlending i 20-åra var rusa og vrang. Han hadde dåurinert i lobbyen på hotellet.

Natt til tysdag var det slåsting på ein utestad i Hemsedal. Der vart ein mann i  20-åra frå Oslo sett i arresten over natta etter å haslått ein mann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionlensmann Brit Fyksen sa til Hallingdølen måndag at politiet ikkje hadde sett på ekstra mannskap trass i mange studentar i dalen, men avgjerda vart revurdert.

– Me har no valt å styrke bemanninga i dalen denne veka, opplyser regionlensmannen.