Politiet etterlyser vitne til dødsulykka i Nes torsdag.
Politiet etterlyser vitne til dødsulykka i Nes torsdag.

Mann omkom: Påkøyrd på Rv7 ved Bergheim

Politet melder at ein mann omkom i trafikkulykka på Rv7 ved Bergheim.

Patruljeleiar i politiet, Tonje Istad, stadfestar at ein mann som var involvert i ulykka er død. Han gjekk langs vegen då ulykka skjedde.  Politiet opplyser også på Twitter at pårørande er varsla om dødsfallet, og at dei treng vitne i saka. Det er uklart kva som er årsaka til at vedkomande vart påkøyrd. 

Også skadd

Føraren av ulykkesbilen, ei kvinne i 70-åra, vart frakta til sjukehus med luftambulanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forseinkingar

Vegen vart opna i eit felt, men folk må rekne med kø. I løpet av ettermiddagen skal det gjerast omfattande undersøkingar på ulykkesstaden. Politiet skal gjera vitneavhøyr og har henta krimteknisk hjelp frå mannskap i Skien. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen skal også granske det som har skjedd. Ulykkesbilen låg  på taket på utsida av vegbanen.   

Politiet melde først på Twitter at ulykka skjedde ved Bromma. Den nøyaktige staden er sør for Bergheim bru. Meldinga gjekk ut klokka 13:38. Alle nødetatar, ambulanse, luftambulanse, politi og brannvesen, var raskt på staden.