annonse

Mann med pistol skapte frykt - vart pågripen

Skapte frykt
Skapte frykt: Mannen gjekk i området ved Numedal videregående skole med eit våpen, som synte seg å vera ein softgun. (Arkivfoto) (Foto: )

Ein person med våpen vart fredag i 13-tida observert i nærleiken av Numedal vidaregåande skole på Norefjord.

Embrik Luksengard

Det førte til ein omfattande politiaksjon.

– Me fekk meldinga klokka 13.00 og køyrde ut med ein patrulje, mens fleire var på veg. Ein halvtime etter at me fekk meldinga vart mannen pågripen, seier operasjonsleiar i politiet sør-øst, Marianne Mørch.

Heldt seg inne

Mannen, som er i 20-åra og ikkje norsk statsborgar, skal ikkje ha utført nokon handling eller truga nokon, men vart altså observert med eit våpen. Politiet fekk melding frå fleire, både lærarar og andre, og aksjonerte med ein gong.

I mellomtida fekk elevar og lærar beskjed om å halde seg innandørs.

Softgun

– Då patruljen kom fram, vart mannen raskt observert og pågripen. Det viste seg at det var snakk om ein softgun, altså eit leikevåpen.

Etter pågripinga tok politiet mannen med til legekontoret. Mannen er frå området.

Informerte elevane

Elevar og lærarar opplevde situasjonen som dramatisk. Etter at politiet hadde teke hand om mannen, konsentrerte mannskapa seg om å informere elevar og lærar godt om kva som hadde skjedd. Også kommunens hjelpeapparat stilte opp i dette arbeidet.

annonse