Målet i år er å gjennomføre
På fyrste sjekkpunkt venter Andrè Bjørnstad på at hundane skal få kvilt litt. Han tek ingen sjansar.
Med eit hundespann sett saman av hundar primært frå Lars Monsen sitt B-spann, nokre frå skurdølingen Ivar Johan Sørli og eit par frå Ole Christian Haga, er målsettinga å kome i mål på Røros.
Bjørnstad skal nemleg køyre Finnmarksløpet i år. Og då treng han å kvalifisere seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Femundløpet er kvalifiseringsløp til Finnmarksløpet.
- Eg kviler hundane no, seier Bjørnstad på sjekkpunkt Tufsingdalen fredag kveld. Han har planar om å gå i mål i eit vel gjennomført løp. Å køyre for å vinne, er ikkje målsettinga no.
Om berre nokre veker skal han køyre Finnmarskløpet 1200. Men først Femundløpet. Utan å bryte. I fjor måtte han bryte på sjekkpunkt Orkelbogen1. Det må ikkje skje i år.
Lars Monsen køyrer sjølv A-spannet sitt under Femundløpet. Han køyrer tvers gjennom første sjekkpunkt og vidare til sjekkpunkt Drevsjø.
- Eg er glad for å ha nokre hundar med i eit par av spanna under Femundløpet, seier skurdølingen Per Ivar Sørli. Han skal også køyre Finnmarskøpet 1200 i år. Men under Femundløpet er han ein del av handler-teamet til Emma Lockhart. Ho har også eit par hundar frå Sørli i spannet sitt.