For å hindre koronasmitte avlyser kyrkja all aktivitet som ikkje er nødvendig. Gravferder blir gjennomført, men med avgrensa tal på deltakarar, opplyser prost Sveinung Hansen. (Arkivfoto)

Maks femti personar per gravferd

– Om ein ikkje er i nær familie, bør folk vurdere om det er nødvendig å møte opp i gravferd, seier prost Sveinung Hansen.

Torsdag melde Tunsberg bispedømme at det ikkje blir halde gudstenester kommande helg og neste. Dåp og gravferd skal gjennomførast, men med avgrensa tal på deltakarar, maksimalt 50 personar.

– Som kyrkje må me ta vårt ansvar for å avgrense smitta, seier biskop Jan Otto Myrseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gravferd berre for nær familie

Fredag vart det halde to gravferder i Hallingdal, ei i Hol og ei i Gol.

– Desse gravferdene vart omfatta av restriksjonar. Det same gjeld gravferder som skal skje i tida framover. For familiane kan det vere ei ekstra belasting at dei må avvise nokon, seier Hansen.

Smitteverntiltaka betyr i praksis at folk som ikkje er i nær familie, blir oppmoda om å halde seg heime. Restriksjonar på kor mange som kan delta i gravferd er ein ny situasjon både for kyrkja og gravferdsbyråa. I nokre gravferder blir det oppretta gjesteliste for å sikre at dei aller næraste får plass.

– Dette er ikkje ein ønska situasjon, men me må følgje retningslinene frå helsestyresmaktene, seier prosten.

Også konfirmantundervisning og anna trusopplæring blir avlyst på ubestemt tid. Både prestar og andre kyrkjeleg tilsette vil så langt det let seg gjere, arbeide frå heimekontor den neste tida.

Les også
Regjeringa har skore gjennom - alle skular og barnehagar stenger

Prioriterer sjuke og døyande

– Kyrkja droppar all aktivitet som ikkje er strengt nødvendig. Men alle som har behov for akutt hjelp, skal få det, seier prosten.

– Kva inneber det?

– Å gå med dødsbodskap og å besøke sjuke og døyande er prioriterte oppgåver for prestetenesta, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vask hendene og pust med magen

Prestane blir virtuelle

Prosten seier kyrkja er oppteken av å vere tilgjengeleg for folk som har behov for nokon å snakke med. Dei omfattande smitteverntiltaka som er innført dei siste dagane, kan føre til at folk blir redde og urolege.

– Det er viktig at kyrkja er tilgjengeleg for folk som er einsame og redde. Me jobbar med å ta i bruk digitale løysingar som gjer at det er råd å vere tilgjengeleg og nær, utan å vere fysisk i same rom, seier Hansen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.