Linda Støvik representerer Arbeiderpartiet i Nesbyen kommunestyre.

«Luta lei av at alt hamnar i Ål»

Det er misnøye i både Flå og Nesbyen over at dei blir sveltefôra på regionale prosjekt.

Misnøya er ikkje ny. Men den kjem stadig til overflata. Nyleg hadde Tor Egil Buøen ei utblåsing i Flå kommunestyre, og i kommunestyret i nabokommunen Nesbyen gjekk det ei kule varmt torsdag kveld. Saka gjaldt å opprette ei hundre prosent stilling som kommuneoverlege og samhandlingsleiar i Hallingdal knytt til Hallinghelse med kontoradresse Ål. Formannskapet foreslo at stillinga vart lagt til Nesbyen, men dette forslaget fekk ingen stemmer i kommunestyret.

– Karrer til seg

– Eg er luta lei av at alt hamnar i Ål. Før var det Gol, no er det Ål. Kven er det Ål har tilsett, slik at dei berre kan kare til seg. Regionale prosjekt bør fordelast på alle, sa Linda Støvik (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit forslag frå Geir Olav Garthus (Sp) om berre å gå inn for 50 prosent stilling som samhandlingsleiar vart stemt ned. Garthus sa at felles kommuneoverlege kjem i tillegg til overlege i kvar kommune. Me har ikkje råd til begge delar. Det viktigaste er å ha overlege i eigen kommune, slo han fast.

– Før var det Gol

– Me har ikkje noko val. Skal ein vere med i interkommunale prosjekt må alle kommunane vere samde, sa Audun Aasheim (Bygdelista)

– Dette har vore eit dilemma i alle år. I mi tid som ordførar gjekk mykje av dei interkommunale prosjekta til Gol. Men det viktigaste er at me har tilboda i Hallingdal, ikkje kor dei ligg.

– Det er lov å stå utanfor, sa Frode Aaslid (Ap), og minna om at Hol ikkje er med i Hallingdal brann og redning.

– Dette er ikkje den rette saka å kjempe for, sa ordførar Tore Haraldset (Bygdelista).

– For denne stillinga er lagt til Hallinghelse. Det er andre kampar me må ta.

Mot fire stemmer støttar kommunen opprettinga av ei felles kommuneoverlegestilling. Mindretalet stemte for forslaget til Garthus. Meirkostnaden for Nesbyen kommune er 14.892 kroner.

Les også
Høg temperatur - godkjente utbygging
Les også
Ventar på Protan-avgjerd
Les også
Fastlegeordningen må reddes av den nye regjeringen – og av regionrådet - for å miste fastlegen kan være livsfarlig