God stemning i studio i morgontimane fredag. F.v. Geir Schau, Kim Johanne Dahl, Sophie Johansson og Øyvind Loven.
God stemning i studio i morgontimane fredag. F.v. Geir Schau, Kim Johanne Dahl, Sophie Johansson og Øyvind Loven.

Loven & Co sende direkte frå Hemsedal

Det handla om Hemsedal på Radio Norge fredag morgon.

Radiokanalen sende direkte frå Lodgen i Hemsedal skisenter. Det var Øyvind Loven, Geir Schau og Kim Johanne Dahl som skapte godstemning i studio kombinert med konkurransar, intervju og mykje kjent musikk.

I morgontimane var det kafeansvarleg på Lodgen, Sophia Johansson som sat i studio med programleiarane. Ho fekk prøve seg på utfordrande musikkquiz. Ho gav alt, og kom frå det med æra i behald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen var med i studio og prata om det lokale nyheitsbiletet; blant anna om at togtrafikken på Bergensbanen blir lagt ut på anbod. Blir det norske, svenske, engelske eller kinesiske selskap som køyrer tog Oslo-Bergen i framtida? Og vil anbudsrunden føre til eit betre togtilbod for reisande til og frå Hallingdal?

Og sjølvsagt var Vetle Sjåstad Christiansens VM-gull på teamstafetten i Østersund torsdag tema.

Sendinga starta i sekstida og heldt det gåande til klokka 09.00.

Direktesendinga er eit resultat av samarbeid mellom Radio Norge og Skistar. Og om ei veke, neste fredag, sender Radio Norge frå Hallingdal Feriepark i Ål. Då er det turrennet Hallingspretten som er tema.