Malamuten «Nanook» har vore borte sidan han stakk av frå ein fjelltur på Veståsen i Ål sist tysdag.
Malamuten «Nanook» har vore borte sidan han stakk av frå ein fjelltur på Veståsen i Ål sist tysdag. Foto: Privat

Lovar finnarlønn: - Har du sett Nanook?

«Nanook» har vore søkk borte sidan han stakk av frå ein fjelltur sist veke. No har eigar Sebastian Olstad utlovd finnarlønn på 20.000 kroner til den som finn att hunden.

Sebastian Olstad og malamuten «Nanook» var på veg opp på Nysetknippen på Veståsen i Ål, då hunden plutseleg stakk av.

– Eg måtte gjera eit nødvendig ærend, som ein jo må, og batt han fast i eit tre. Men medan eg gjorde mitt fekk han ferten på dyr, og sette fart innover i fjella. Metall-leddet mellom sele og band rauk, men han har framleis på seg sele, og kan såleis lett sette seg fast i ting, seier Olstad.

Har prøvd alt

Hannhunden Nanook er ein to år gamal Alaska Malamute. Han har sele og er chippa. I teorien kan han ha gått i alle retningar, altså mot Geilo, Nes, Dagali og Ål. Den siste veka har Olstad sjølv brukt fleire timar til fjells på leit etter hunden – men utan hell. Han har også gått ut i sosiale medier for å få hjelp med leitinga.

– Eg har fått inn ein observasjon frå ein som meinte han hadde sett noko som likna på ein hund ved Skattebøl i Ål. Elles har eg ikkje fått noko særleg med tilbakemeldingar. Eg har til og med prøvd klarsynte, utan hell.

Lovar dusør

Difor lyser han no ut ein finnarlønn på heile 20.000 kroner for å få hjelp til å leite etter Nanook.

– Er du bekymra for at han kan gå etter sau?

– Det er klart eg er bekymra. Eg har gjort meg opp nokre tankar. Samstundes stoler eg såpass på hunden min at eg ikkje trur han tek sau – sjølv om sauebønder sikkert vil le av det.