annonse

Løstegård beste junior

Hard på gassen
Hard på gassen: Laurdag køyrde Lars Løstegård frå Gol inn til fyrsteplass i juniorklassa i Landskamp.no sitt bilcrossløp på Momarken. (Foto: Arkiv)

Lars Løstegård frå Gol fekk betalt for strevet under helgas bilcrossløp på Momarken.

Caroline Utti

Laurdag køyrde bilcross-føraren inn til fyrsteplass i juniorklassa i det som er eit av Norges største bilcrossløp. Kring 200 førarar stilte til start i årets Landskamp på Momarken Bilbane. Den unge golingen har også vist lovande tendensar på rallycrossbanen så langt denne sesongen. Sist helg køyrde han inn til andreplass i Norgescupen for juniorar på Melhus.   

annonse