Dei lokale Ap-laga i Hallingdal meiner regjeringa med finansminister Trygve Slagsvold Vedum, statsminister Jonas Gahr Støre og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er med på å skape politikarforakt, skriv dei i eit lesarbrev i Hallingdølen.

Lokale Ap-lag tek knallhardt oppgjer med eige parti: «Eit slag, eit bakhaldsangrep»

Det knakar i Arbeiderpartiet på grunn av Ringeriksbanen, og måten regjeringa prøver å skrote utbygginga på.

Arbeiderpartiet i Hallingdal er i alvorleg opprør mot eige parti etter at regjeringa la fram forslag til statsbudsjett for 2023. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil gjera om på heile prosessen. Det inneber at det vil ta mange år før Ringeriksbanen kan bli bygd. Dette nektar dei lokale Ap-laga å gå med på.

I bakhald

I eit lesarbrev til Hallingdølen skriv leiarane Oskar A. Skulstad, Hol, Olaf Buseth, Ål, Christian Ihlen Brunborg, Gol, Stein Kåre Bråthen, Hemsedal, Geir Egil Sanden, Nesbyen og Marit Tollefsen, Flå at dei er blitt utsette for eit bakhaldsangrep frå Ap sentralt.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er langt fra sikkert at motivasjonen framover vil være god etter denne nedturen, etter dette slaget, etter dette bakholdsangrepet. Det er en allerede altfor stor politikerforakt og vi ser og merker på kroppen at denne har økt betraktelig».

Dei meiner vidare partiet ofrar sine næraste representantar, med stortingspresident Masud Gharahkhani i spissen, for å få stoppa Ringeriksbanen.

Før stortingsvalet i fjor brukte Arbeiderpartiet Masud Gharahkhani som reklamefigur. I ein politisk reklame sa han at han garanterte oppstart på bygginga av Ringeriksbanen i løpet av 2023. No veit alle kva som er i ferd med å skje med den garantien.

Før stortingsvalet i fjor brukte Arbeiderpartiet Gharahkhani som reklamefigur. I ein politisk reklame sa han at han garanterte oppstart på bygginga av Ringeriksbanen i løpet av 2023. Med framlegget til nytt statsbudsjett har regjeringa synt kor lite garantien var verd. Dette meiner Ap i Hallingdal er svært alvorleg.

Sjå Aps valkampvideo her:

«Det smerter oss å se at både vi og våre nærmeste representanter på Stortinget, med stortingspresidenten i spissen, ikke blir hørt og på lang vei ofret i det store politiske spillet», skriv dei.

Vil kjempe

Lokallagsleiarane er oppgitte etter «kalddusjen» og varslar at det blir tungt å drive valkamp for Arbeiderpartiet neste år dersom Ringeriksbanen ikkje blir løfta opp att på ein heilt annan måte. Dei skriv at dei ikkje finn seg i å bli sett til sides på den måten som regjeringa no har gjort.

– Eg er like frustrert og forbanna som alle andre. Men eg melder meg ikkje ut, seier leiar Oskar A. Skulstad i Hol Ap.

– Eg er like frustrert og forbanna som alle andre. Men eg melder meg ikkje ut. Eg vil heller jobbe internt i partiet for å få snudd regjeringa i denne saka. Det blir ikkje lett å få folk stå på stand før det neste kommune- og fylkestingsvalet, og samtidig å fronte politikken, når partiet går fram på den måten som dei gjer i denne saka, seier leiar Oskar A. Skulstad i Hol Ap.

Les også
Reagerer på splittinga av Ringeriksbanen og E16: – Ekstremt skuffande
Les også
Slik reagerer samferdselsministeren på dagens «togrøveri»-framside i Hallingdølen

– Så de har eit håp om å snu Stortinget når det gjeld Ringeriksbanen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har våre kontaktar som eg veit jobbar ganske hardt med det for auga. Kanskje må me rekne med at saka blir utsett. Men me godtek ikkje at dei splittar opp veg og bane, slik dei legg opp til. Me har ikkje tid til å vente på nye reguleringsplanar når alt er klart frå utbyggaren sin side.

«Statsråd-dødar»

Skulstad seier det blir som i 1992 då Ap-regjeringa, under leiing av samferdselsminister Kjell Opseth, valde å legge hovudvegen aust-vest gjennom Valdres. Til gjengjeld skulle Bergensbanen kortast inn ved å bygge ei ny jernbanelinje frå Sandvika til Hønefoss. Den innkortinga ventar folk på enno.

– Den gongen kalla dei meg «Opseth-dødaren». No kan det bli «Nygård-dødaren», seier han med eit smil.

– Har du noko imot det tilnamnet?

– Ikkje slik det har vorte no. Nygård vel å ikkje sjå vestover i det heile teke. Eg trur han er temmeleg konsentrert rundt det som skjer i Fredrikstad. Han er nok framleis for mykje ordførar i Fredrikstad.

– Men de er jo partifellar?

–Ja, men det er ulike meiningar i eit så stort parti.

Les også
Har ikkje mista gnisten: – Skal kjempe så lenge eg får lov
Les også
Me finn oss ikkje i å bli hersa med
Les også
Meiner Ringeriksbanen har vore eit skodespel: – Eg er livredd for at det blir bygd motorveg og ikkje jernbane