Savage Rose, leia av frontfigur Annisette Koppel.
Savage Rose, leia av frontfigur Annisette Koppel.

Let seg ikkje skremme av vind og litt regn

Leikskeid går sin gang laurdag, trass i dårleg vêrmelding.

- Etter nøye vurdering og konsultasjon med personale på Iungsdalshytta, teknisk personell og Meteorologisk institutt, har me konkludert med at det vil vere gjennomførbart og trygt å arrangere Leikskeid ute som planlagt, opplyser Ål kulturhus på si facebook-side.

Det er Ål kulturhus som arrangerer konserten ved Iungsdalshytta i Nordfjella, saman med Iungsdalshytta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêrmeldinga fortel om vind og regn. Derfor har ein del lurt på om utekonserten blir avlyst eller flytta inn ein stad. Det skjer ikkje.

I år er det Savage Rose frå Danmark som er hovudartisten. Men også Baljelauget og Lene Storhaug spelar på fjellfestivalen.

Arrangøren ber alle ta høgde for vind og noko regn, og oppmodar folk til å ta med ekstra klede.

Båt-transport kan bli innstilt på kort varsel ved kraftig vind.

- Me stiller med masse god, varm rummegraut, strålande humør og fantastiske artistar på scena, avsluttar Ål kulturhus.