Etter to år er det første kullet på 15 personar snart ferdig på fagskuleutdanninga på Torpomoen. Dei hadde si siste samling onsdag 6. mars.
Etter to år er det første kullet på 15 personar snart ferdig på fagskuleutdanninga på Torpomoen. Dei hadde si siste samling onsdag 6. mars.

Lærer meir om demens

– Det var lærerikt frå dag éin, og eg er blitt meir bevisst på jobben fordi eg har innsett så mykje.

Det seier Marit Lundesgaard. Ho er ei av damene som snart eg ferdig med to år på fagskuleutdanninga innan demens og alderspsykiatri, som ligg på Torpomoen.

Tilrettelagt

I 2017 fekk hallingdalskommunane til eit samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter Aldring og helse og fylkeskommunen om ein desentralisert fagskule, ei vidareutdanning for helsefagarbeidarar innan demens og alderspsykiatri. Etter to år er det første kullet på 15 personar snart ferdig på fagskuleutdanninga. Dei hadde si siste samling onsdag 6. mars. Dei har fire samlingar i året, der kvar samling er på to dagar. Resten er nettbasert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tapar ikkje pengar, men fritid, ler Marianne Røren. Alle på vidareutdanninga er framleis i full jobb, og arbeidsgivar legg til rette for at det er mogleg å jobbe og ta utdanning samstundes.

Styrkar kompetansen

– Det er behov for fleire med vidareutdanningar innan helse og omsorgstenestene. Hallingdalskommunane såg behovet for auka kompetanse spesielt innan demensområdet. Fleire får demens, fordi levealderen er høgare. Difor må me styrke den faglege kompetansen innan det feltet, seier initiativtakar Borghild Ulshagen. I tillegg til å vere fagkonsulent i Ål kommune er ho leiar av kompetanseutvalet for dei seks hallingdalskommunane. Ho har hatt ansvar for å etablere ulike vidareutdanningar i Hallingdal.

Lokalt

– Kva er styrken med ein desentralisert fagskule?

– Me tapar ikkje pengar, berre fritid, seier Marianne Røren, som har teke den desentraliserte utdanninga ved sidan av jobb.
– Me tapar ikkje pengar, berre fritid, seier Marianne Røren, som har teke den desentraliserte utdanninga ved sidan av jobb.
– Etter alt eg har lært ser eg pasientane og dei pårørande på ein heilt annan måte, seier student Anne Jorunn Holt.
– Etter alt eg har lært ser eg pasientane og dei pårørande på ein heilt annan måte, seier student Anne Jorunn Holt.

– At det er studentar som kjem frå same region gir fordeler for fungerande nettverk etter utdanninga, og ytterlegare erfaringsutveksling undervegs på jobben og i etterkant. I og med at dei kjem herifrå, så er det stor sjanse for at me beheld kompetansen lenge. For ikkje å gløyme at det er enklare for studentane å ta opplæringa lokalt, fordi dei slepp å reise langt på samlingar. Studentane seier seg einige:

– Eg hadde aldri begynt på utdanninga om det ikkje var her i dalen. Dei fleste har familie og ungar, seier damene.

Tilbake på skulebenken

For nokon er det fleire tiår sidan skulebenken kalla. Det kan vere ei utfordring.

– Det er mykje å setje seg inn i, som kjeldebruk og det tekniske med å bruke data. Dette er meir enn eit kurs, det er ei utdanning. Det er hardt arbeid, men det løner seg absolutt, seier Gunn Kristin M. Brennhovd.

– Etter alt eg har lært ser eg pasientane og dei pårørande på ein heilt annan måte, seier Anne Jorunn Holt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er blitt meir moro å jobbe. Og eg tenkjer meir personsentrert, noko som også er den raude tråden i utdanninga, seier Marit Lundesgaard.

Fagskulen tek opp nye kull annakvart år og Aldring og helse har i samarbeid med hallingdalskommunane sett opp tilbod om ei ny vidareutdanning med oppstart til hausten.