Leitinga etter «Turte» held fram – profesjonelle hundesøkjarar deltek i søket
Det har vore eit stort engasjement for å finne att hunden «Turte».
I den nye fasen av søket har profesjonelle hundesøkjarar no blitt sett inn for å hjelpe til i arbeidet med å finne hunden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Håp om å finne «Turte»
Hundeeigaren, Anders Reime Andersen, uttrykker håp om at den profesjonelle hjelpa kan vere nøkkelen til å finne hunden.
– Me har store forhåpningar om at me kan finne ho. I denne fasen har hunden gått inn i ein overlevelsestilstand, og kan ha søkt seg til ein varmare og tørrare plass, som under terrassar eller liknande.
Reime fortel at to grupper frå Nitrogruppa og «Rømlingen», begge spesialiserte på å finne bortkomne hundar, blir sett inn i søket. Gruppene består av både hundar og erfarne hundesøkjarar som er trena på å lokalisere bortkomne hundar.
– Det er betryggande å få hjelp frå profesjonelle hundesøkjarar. Dei er ute med hundane sine, som er trena til å gå på lukt, og dei gjer ein grundig og målretta innsats for å leite i området, seier Reime.
Stor frivillig innsats
Det har vore noko forvirring rundt hunden si status då ho forsvann, men eigaren presiserer at hunden ikkje gjekk laus, som det har blitt hevda.
– Ho var sett i eit vindfang der ho klarte å ta seg ut. Sidan har ingen sett henne, fortel Reime.
Søket har fått stor støtte frå frivillige, både lokale og tilreisande. Reime er rørt over innsatsen frå alle som har hjelpt til.
– Eg er svært takknemleg for den støtta og hjelpa me har fått. Det har betydd veldig mykje, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søkjarar har også nytta dronar for å dekkje større område, men snøen som har kome dei siste dagane har gjort det vanskeleg å finne dei originale spora.
– Snøen har skjult dei gamle spora, men det gjer det også enklare for hundane å finna nye spor og lukter, forklarar Reime.
Ny fase i leitinga
Etter fleire dagar med søk er leitinga inne i ei ny fase. Reime held på håpet, sjølv om prosessen har vore krevjande.
– Det er viktig å halde motet oppe og tru på at me kan finne ho. Me har fått mykje hjelp, og me er på rett veg, seier han.
Reime ber alle som kan ha sett «Turte» eller som har informasjon om kvar ho kan vere, om å ta kontakt. Dei er spesielt interesserte i folk som har vore på parkeringsplassen ved Vestlia skisenter eller Ski Geilo på første nyttårsdag, mellom klokka 15.20 og 15.25, då hunden vart observert der.
– Om nokon har sett henne på desse tidspunkta eller i etterkant, vil me gjerne høyre frå de, seier han.