Illustrasjonsbilete.

Sakna mann i fjellet funnen av helikopter: — Håpar han vart litt flau

Onsdag formiddag vart det sett i gang full leiteaksjon frå Halne fjellstugu, etter ein sakna mann og hundespannet hans. Nokre timar seinare vart han funnen — heilt utan dramatikk.

– Han er i god behald, både han og hundane. Han ønskte ikkje noko hjelp frå politiet, fortel operasjonsleiar i politiet Sør-Øst, Jan Kristian Johnsrud til Hallingdølen.

Mannen som var sakna er tysk, og i 40-åra. Han køyrde ut frå Halne fjellstugu laurdag, med eit hundespann på fem hundar. Det er no fire dagar sidan. Ein turkamerat melde han til slutt sakna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen skulle rett nok vere borte ei stund. Men avtalen mellom han og turkameraten var at han skulle gi lyd frå seg dagleg. Men det hadde han ikkje gjort sidan måndag, seier Johnsrud.

Då det var gått eit par døgn sidan førre kontakt, melde turkameraten ifrå.

– Han var naturleg nok bekymra. Dei som eig hundane mannen køyrde med var også bekymra, fortel Johnsrud.

Dermed sette politiet i gang ein aksjon, og frivillige mannskap vart kalla ut. Fleire skuterpatruljar var i sving. Også luftambulansen vart sett inn i søket, og då gjekk det fort. Dei fann mannen etter eit par timar.

– Dette var ikkje ein aksjon me hadde veldig høg beredskap på, mannen er fjellvant og hadde med seg både utstyr og hundespann. Men me ønskte likevel å finne han, i fall han trong hjelp. Det er ein del vind i fjellet no, så det kunne potensielt vore farleg, seier Johnsrud.

Den sakna mannen hadde køyrd hundespannet sitt i retning Imingfjell. Til slutt vart han altså innhenta av både helikopter og mannskap.

– Eg håpar han vart litt flau, seier Johnsrud.

– Om ein gjer slike avtalar, er me glade om dei blir haldne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Forbanna hytteeigar sjikanerer ordførar