Pål Golberg gjekk opp i leiing på siste etappen hans i lagsprinten i Dresden. Makker Eirik  Brandsdal gjekk laget inn til andrepålass. Best var Norge 1 med Erik Valnes og Sindre Bjørnestad Skar.
Pål Golberg gjekk opp i leiing på siste etappen hans i lagsprinten i Dresden. Makker Eirik Brandsdal gjekk laget inn til andrepålass. Best var Norge 1 med Erik Valnes og Sindre Bjørnestad Skar.

Lagsprintsølv til Golberg og Brandsdal

Pål Golberg er tilbake for alvor. Sundag tok han og Eirik Brandsdal andreplassen i lagsprinten i langrenn i Dresden.

Det vart norsk suksess i Tyskland. Erik Valnes og Sindre Bjørnestad Skar var raskast av alle og sikra seg sigeren i verdscupen i lagsprint.

Men minst like gledeleg var det at Brandsdal og Golberg tok ein nesten like sterk andreplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er herleg å sjå Golberg i drivet att, kommenterte NRK i direktesendinga frå Dresden.

Slo til på tredje runde

For Pål Golberg imponerte. Det var relativt høgt tempo på dei tre etappane til Golberg. Han gjekk kontrollert dei to fyrste etappane, for så å slå til for fullt på den tredje.

Golberg var fyrst ved siste veksling, der Brandsdal gjekk for Norge 2 og Skar for Norge 1.

På slutten rykte Skar, men Brandsdal var ikkje langt bak. Dei sikra med det dobbelt norsk.

Kjempar om VM-plass

For Pål Golberg har det vore ei god helg i Dresden. Dette var comebacket hans i verdscupen, etter kyssesjuke og hard trening før jul. Han melder seg på i kampen om VM-plassane seinare i vinter.