Alexander Os tok sølv på gårsdagens NM-sprint og gull på sundagens fellesstart. Etter blomsterseremonien på Liatoppen blir 38-åringen  gratulert av Yngve Vassmyr (t.v.), kretsleiar i Troms skiskyttarkrets.
Alexander Os tok sølv på gårsdagens NM-sprint og gull på sundagens fellesstart. Etter blomsterseremonien på Liatoppen blir 38-åringen gratulert av Yngve Vassmyr (t.v.), kretsleiar i Troms skiskyttarkrets.

La opp for to år sidan – tok NM-gull i år

Veteranen Alexander Os tok NM-gull på fellesstarten.

Alexander Os stod på startstreken også sist det var NM på Liatoppen, tilbake i 2001. Då reiste ungguten heim til Tromsø utan medalje. Men som 38-åring reiser han heim frå NM som medaljegrossist, med sølvmedalje på laurdagens sprint og gull på fellesstarten sundag. Det er sprekt av ein mann som la opp som aktiv løpar for to år sidan. 

– Eg er brukbart sprek, men vart overraska over skytinga. Eg fomlar meir i lokale løp, men får eg startnummer i eit nasjonalt løp, vaknar beistet, sa han til NRK etter målgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sikra gullet på siste skyting

Gullkampen vart avgjort på siste skyting, der Alexander Os (Ishavslaget) kom inn på standplass i følgje med Martin Femsteinevik (Hålandsdal IL / Team Mesterbakeren), som hadde imponert med rask og feilfri skyting i dei tre fyrste rundane.

På siste ståande måtte Femsteinevik ut i tre strafferundar, mens Os klarte seg med éin. Det var ingen som kunne ta frå han gullet på siste runden.

Den sure fjerdeplassen

Derimot vart det hard kamp om dei siste medaljeplassane. Aleksander Fjeld Andersen (Geilo IL / Team Mesterbakeren) var med i medaljekampen heilt til mål, men måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.

Det vart stang ut for Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo under sundagens fellesstart i NM på Liatoppen. Med ladetrøbbel på  første skyting, tapte han mykje tid, men kjempa seg tilbake. Han var med i medaljekampen heilt til mål, men måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.
Det vart stang ut for Aleksander Fjeld Andersen frå Geilo under sundagens fellesstart i NM på Liatoppen. Med ladetrøbbel på første skyting, tapte han mykje tid, men kjempa seg tilbake. Han var med i medaljekampen heilt til mål, men måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen.

Han hadde ikkje marginane på si side. På fyrste skyting fekk han ladetrøbbel som førte til at han tapte mykje tid. Men han gjekk raskt i løypa og kjempa seg tilbake.

Men ved målpassering var det Tore Leren (Vingelen IL / Team Mesterbakeren) som tok sølvet og Petter Austberg Bjørn (Team Kjelstad) som tok bronsen.

Hadde planlagt å vere kynisk

Fredag fortalde Andersen at taktikken før fellesstarten var å vere kynisk og spare krefter. På siste runden før mål var han ein av tre som kjempa om dei to siste medaljane. Då var det geilingen som tok ansvar for å dra.

– Det gjekk ikkje heilt slik du hadde planlagt?

– Eg hadde ikkje noko val. Det var ingen av dei andre som ville fram og hjelpe. Det einaste håpet var at dei ville dette av, men det skjedde ikkje. Begge smatt forbi i svingen etter ei utforkøyring. Då var eg sliten etter eit rykk i siste bakken. Alt i alt er eg nøgd med løpet, men det er litt surt å bli nummer fire, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slått av ein «pensjonist»

– Korleis kjennest det å bli slått av ein «pensjonist» på 38 år?

– Nei, det er ikkje gøy, og Os var i tillegg suveren i dag. Viss me ser bort frå Os, vart eg nummer tre av dei løparane som satsar for fullt. Eg skulle gjerne ha treft litt betre og vore litt raskare på standplass i dag, seier han.