Ein mann er sikta for forsettleg drap etter at ei kvinne vart funnen død i ei leilegheit i Nesbyen torsdag.
Ein mann er sikta for forsettleg drap etter at ei kvinne vart funnen død i ei leilegheit i Nesbyen torsdag.

Kvinne funnen død – ein mann sikta

Politiet har sett i gang full drapsetterforsking etter at ei kvinne vart funnen død i ei leilegheit i Nesbyen torsdag føremiddag.

Politiet fekk ved 9.30-tida torsdag melding om at det låg ein død person i ei leilegheit i Nesbyen sentrum. Då ambulanse og politi rykte ut, fann dei ei død kvinne. Det er sett i gang full drapsetterforsking, og ein mann er arrestert, sikta for forsettleg drap.

Trur dei har tatt gjerningspersonen

Politiadvokat Per Thomas Omholt i Sør-Øst politidistrikt er svært sparsam med opplysningane, sidan dei er i ein innleiande fase i etterforskinga. Men Omholt opplyser til Hallingdølen at dei ikkje leiter etter andre gjerningspersonar. Det tek tid å varsle alle pårørande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den døde kvinna vart funne i ei leilegheit i Stasjonsvegen, men politiet ønskjer førebels ikkje å fortelje om det er nokon relasjon mellom den døde og den sikta.

Blir avhøyrt

Den sikta mannen blir no avhøyrt, og lokalt politi får teknisk bistand i etterforskinga frå politistasjonen på Hønefoss.

Politiet sikrar spor på staden og på den sikta, og varslar ny pressemelding etter klokka 13.