4.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva gjer sauebøndene ekstra uroa no som me går inn i nok ein koronavår?

2. Korleis merka ein hestebonde i Ål at hesten hennar hadde fått ein variant av koronaviruset?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva langtur er Lars Hamarsbøen i Hol ute på no?

4. For kva fotballklubb spelar Magnus Magnetun Bækken frå Hemsedal?

5. Kven sa om koronanedstenginga førre månad?: «Me var svært usamde og kritiske, og det er me enno.»

6. Kvar ligg den nye Tiurleiken hyttegrend?

7. Kvifor gjekk 19-åringen Lasse Østro Grødum frå Gol hardt ut mot myndigheitene denne veka?

8. Ikkje ufo, ikkje drone og ikkje fly. Kva var det fleire såg flygande over Gol førre fredag?

9. Kva heiter den nye kafeen på kjøpesenteret Ålingen?

10. Kven har skrive årets tingingsverk til den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde i sommar, - og for kven er musikken skriven?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Bøndene fryktar eit utbrot av koronasmitte i veterinærtenesta i den travle sesongen for lamming, og ber om at veterinærar blir prioriterte i vaksinekøen.

2. Hesten hadde magesmerter, ville ikkje drikke og fekk høg puls.

3. Han rir Norge på langs, for andre gong.

4. Mjøndalen IF.

5. Senterleiar Henning Solhaug ved Amfi på Geilo.

6. Hallandsfjell i Uvdal, og det er familiebedrifta Uvdalsfjell as som bygger ut.

7. Han reagerer på felles uthenging av ungdom for å ikkje følgje smittevernreglar eller ta karantene på alvor.

8. Eit møbeltrekk som hadde slite seg.

9. Kafeen har ikkje fått namn enno. Kundane skal få vere med å foreslå.

10. Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg har skrive «Tagal» for Kvedarkvintetten frå Torpo.

Les også
Mange vil til Geilo på skule
Les også
Hallingmarken avlyser
Les også
Framleis fyringsforbod for åtte hytter: - Grove monteringsfeil
Les også
Avslørt for grovt skattesvik