I Høgevarde i Flå vart det opna ny skiheis sist helg: Vardelia-heisen. Då er det ikkje minst viktig å ha kontroll på smittevernreglane slik at ein kan hindre at koronapandemien spreier seg endå meir. Dagleg leiar Hans Christian Gulsvik minner gjestene om å halde meteren. Bak står heisførar Thomas Raastad.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva fann snikkarane då dei skule rive ein vegg i lokala til Husfliden i Gol?

2. Kva viktig avgjerd tok fotballspelar Jesper Taaje førre veke?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva heiter turarrangør-selskapet som turistsjefen i Nore og Uvdal, Thomas Andresen, har starta saman med Kristine Presterud Nørstebø?

4. Politiet varslar meir av ein spesiell type kontrollar framover. Kva tenkjer me på?

5. Kven tok til motmæle mot «Ex on the beach»-kritikken, og vil ønskje alle velkomen til Hemsedal?

6. Langrennsløpar Emilie Fleten deltok i «skandalerennet» i Sveits sist helg. Kva var problemet?

7. Tvangssalet av Nesbyen kjøpesenter har stoppa opp. Kvifor?

8. Kva gladnyheit fekk elevane på Ål og Gol vidaregåande skular denne veka?

9. Meteorologisk institutt har laga ny normalar for temperatur og nedbør. Kor mykje varmare er det i snitt i Hallingdal no, samanlikna med i 1990?

10. Den tydelege trenden er at nedbøren aukar, men ein målestasjon i Hallingdal utmerker seg i motsett retning. Kvar ligg denne?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Eit veggmåleri laga av den no avdøde kunstnaren Ole Anders Bottolf. Måleriet er 6x2,4 meter, og motivet er Myklefossen i Gol.

2. Han har sagt opp kontrakten med HamKam for å prioritere studiane.

3. Ferdamann as.

4. Kontrollar for å avdekke ulovleg skuterkøyring.

5. Hege Austheim Jacobsen, som seier ho ikkje likar silinga av kva type folk som er velkomne eller ikkje til Hemsedal.

6. Rennet på 65 km i langløpscupen Ski Classics vart gjennomført trass i at det var iskalde 27 minusgrader. Mange utøvarar har fått store og kritiske frostskader. Med Fleten gjekk det heldigvis bra.

7. Ein dom i lagmannsretten påpeiker fleire saksbehandlingsfeil i tingretten. Dermed må salet av kjøpesenteret behandlast på nytt.

8. Dei er plukka ut til prøveordninga med gratis skulemat.

9. I snitt éin grad varmare.

10. Alle målestasjonar syner meir nedbør, unntatt Gol der årsnedbøren i snitt har minka med vel tre prosent.

2. Jesper Taaje.