Kommuneoverlege Nils Høva fekk koronavaksine som dei første tilsette i helsevesenet i Nesbyen. Helsesjukepleiar Bodil Skovhus Bråthen sette sprøyta. Saman med resten av legane i Hallingdal oppmodar Høva på det sterkaste folk om å ta imot vaksinen.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva heiter dei to eigedomskongane som tek over alle aksjane i utbyggingsselskapet Turufjell i Flå?

2. Kor mykje er det investert for i Turufjell så langt?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Den nye legen på øyre-, nase- og halsklinikken i Nesbyen, Mohammed Sohrabi, har budd i Hallingdal før. Korleis kom han hit den gongen?

4. Eigedomsutviklar Torleif Kinneberg kjøper seg opp på Golsfjellet. Kva har han kjøpt?

5. Kven er Anita Ulsaker?

6. Sigrid Simensen Ilsøy (Sp) vil på Stortinget. Kva jobb har ho teke for å begynne klatringa til topps i norsk politikk?

7. Kor mange hallingar har fått koronavaksinen i løpet av dei to fyrste vekene?

8. Kva heiter spalta på hallingdølen.no der du no kan sende inn og sjå bilete av nyfødde, bursdagsbarn og brurepar?

9. Kven sa dette, og kva er tema?: «Sit roleg i båten. Sjølv om det er kaldt vil det rette seg.»

10. Kva halling har bidrege med låtskriving til årets norske Grand Prix-tevling?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Olav Thon og Ivar Tollefsen.

2. Ca 200 millionar kroner. Heile Turufjell-planen er 11.000 dekar og det er selt nær 200 hyttetomter så langt.

3. Mohammed Sohrabi kom til Hallingdal for første gong i 1987 som flyktning. No er han tilbake som legespesialist.

4. Solseter, Golsfjellet Apartement og 17 mål ved Ørterstølen.

5. Ny rektor ved Gol vidaregåande skule.

6. Ilsøy blir politisk rådgjevar for Anne Beate Tvinnereim i Viken fylkeskommune.

7. Det er vaksinert 163 personar i Hallingdal så langt.

8. Hallingar, med adressa hallingar.hallingdolen.no

9. Slik svarar sals- og kundekonsulent Svein Halvard Moen i Hallingkraft når folk er uroa over at straumprisen skyt i vêret i kulda.

10. Moyka, med fullt namn Monika Engeseth.

3. Mohammed Sohrabi.