3.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. I kor mange år har Knut Anfinset og Liv Them-Enger Anfinset drive Hallingskarvet skisenter i Hol?

2. Kven er helse- og omsorgssjef i Gol?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva yrke har Lillvi Wedenberg Hole?

4. Kor mange tilknytt Hallingdal fotballklubb har dei siste seks åra teke steget frå HFK til eit høgare nivå?

5. Kva er «Tjuvkjellaren»?

6. Kva spennande oppdrag fekk ålingen Lars Aaberge nyleg?

7. Kva har opprørt innbyggjarane i Dagali dei siste vekene?

8. Kor mange leilegheiter er planlagt i den nye Fjellandsbyen i Hemsedal?

9. Om det går som rådmannen i Hol fryktar, kor stort blir underskotet i Hol kommune i år?

10. Ein halling er blant dei 679 kunstnarane som får 100.000 kroner i koronastipend. Kven?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. 39 år, dei går i gang med sesong nummer 40 (som skal bli deira siste).

2. Aud Torill Sæbø (men ho går av med pensjon i mars).

3. Turistsjef. Ho er dagleg leiar i Visit Geilo.

4. 13 spelarar og tre trenarar.

5. Turmål ovanfor Liagardane i Ål. Segna seier at ein tjuv på 1800-talet gøymde godsakene han stal frå gardar i ei grotte her.

6. Hjartelegen på Rikshospitalet opererte inn den nye hjarteklaffen til kong Harald.

7. At Hol kommune vil selje den gamle skulen, som blir brukt av lag og foreiningar i Dagali.

8. Meir enn 300 leilegheiter, med 48 i fyrste byggetrinn.

9. 20 millionar kroner.

10. Margit Myhr, folkemusikar, folkedansar og skodespelar.

Det er vegen som er målet. «Blåbærtråkket» ved Trytetjern i Nesbyen gir utsyn til flott skogsnatur. Og frå det høgaste punktet, går stien i doserte hårnålssvingar. På vegen er det hopp og kular som gjer at syklistane kan få luft under dekka og kjenne at det kriblar i magen.