3.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kven har teke over drifta av Fanitullen Hotel i Hemsedal?

2. Kva politisk parti er Margit Fausko frå Hemsedal stortingskandidat for?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva stilling har Eirik Edvard Lystrup?

4. Kvifor gjekk ordførar i Hol, Petter Rukke (Ap), denne veka ut og ropte varsku om auka trafikk på Hardangervidda og Hol-Aurland?

5. Kven fekk målprisen til Ål og Hol mållag?

6. Ål kulturhus er i pengeknipe. Kor mykje pengar treng dei for å unngå kutt?

7. Kva stilling skal Turid Hilde Sørbøen Gåsbakk i Ål begynne i?

8. Kva bachelorgrad kan du om to år begynne på i Hallingdal?

9. Kva heiter hallingen som er reporter i «God Morgen Norge» på Tv2?

10. ... og kva halling har gjort seg bemerka på fotballaget til Lillestrøm dei siste par vekene?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Brørne Olav og Wilhelm Wikborg Thorset har teke over etter faren Magne Olav Thorset.

2. Miljøpartiet dei grøne i Buskerud.

3. Dagleg leiar i Hallingdal Renovasjon.

4. Fordi Lærdalstunnelen skal stengast om natta i fire år framover, på grunn av vegarbeid.

5. Anders Medhus, mannen bak kanteføllflak og som brukar dialekt i marknadsføringa.

6. 600.000 kroner.

7. Dagleg leiar for Ål frivilligsentral.

8. Sjukepleie.

9. Malin Saue Johansen frå Gol.

10. Espen Garnås frå Rukkedalen i Nesbyen.

Ein ny brannbåt skal gjera Hallingdal tryggare. Her er det Flå brannkorps og Hallingdal brann- og redning som testar den nye brannbåten, som skal liggje ved Krøderen.