1.

Kva hugsar du frå veka som har gått

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva heiter rådmannen i Ål?

2. Kva skatt fann Arild Torkveen i Gol i ei hylle han kjøpte på auksjon?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Når går startskotet for sommarsesongen på Geilo?

4. Dei fyrste familiane har flytta inn i Olav Thons nye leilegheitsbygg i Flå. Kor mange leilegheiter er bygd i denne omgang?

5. Rådmannen i Hemsedal begynte i ny jobb denne veka, kva heiter han og kva er jobben?

6. I løpet av eit år; kor mykje pengar kjem det i eit normalår inn til lokalsamfunnet i Ål gjennom ulike kultur- og idrettsarrangement?

7. Ingen søkjer legat i Hol kommune. Kor mykje pengar står og ventar på verdige mottakarar?

8. Kvifor er Rezené Habtom Gebreselase frå Ål fortvila?

9. Kven er Martin Letzter?

10. Kva oppfinning har Ole Bjørn Kleven stått for, som alle dei store byane i Norge vil ta i bruk, men statlege instansar så langt nektar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Karsten Popp Dideriksen.

2. Grønsaksfrø frå 1940 og 1945.

3. 19. juni.

4. 16 nye leilegheiter.

5. Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Jan Olav Helling.

6. 36 millionar kroner.

7. 1,8 millionar kroner.

8. Han sit koronafast i Khartoum i Sudan og kjem seg ikkje heim. Han hadde flybillett til Norge 21. mars og etter det har heimreisa blitt utsett åtte gonger.

9. Avtroppande sjef for Skistar i Hemsedal.

10. Ein lydsensor som fortel om bilar køyrer med piggdekk.

Minnestaden etter drapet på George Floyd i Minnesota i USA. Ålingen Per Tore Breiehagen bur i Minneapolis saman med kone og dotter. Dei kjenner seg ikkje trygge og vurderer å flytte. - Bagen står klar, det blir meir og meir valdeleg her for kvar dag, fortel Breiehagen.