Eks-ordførar Tor Egil Buøen serverte onsdag sjampanje på Austvollbrua. Årsaka var sjølvsagt at arbeidet med ny bru endeleg er i gang. Brua har vore stengt for motorisert ferdsel i ei årrekkje. Her renn champagnen ned i glasa til ordførar Merete H. Gandrud og fylkesråd for samferdsel i Viken Olav Skinnes.

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

Test deg sjølv i spørsmål frå den siste veka.

1. Kva selskap kjøper opp Hallingdal Bergboring?

2. Kven er leiar i Gol Frp?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva lokal bedrift er nominert til årets lærebedrift av Maskinentreprenørenes Forbund?

4. Etter 24 år i byggebransjen har dette firmaet slått seg konkurs. Kva firma?

5. Koronapandemien er ikkje over. Kva to skiarrangement varsla denne veka at dei avlyser?

6. Kvifor kunne fotballspelaren Espen Garnås feire denne veka?

7. Kor lenge har Austvoll bru i Flå vore stengt for motorisert ferdsel?

8. Kven skatta mest i Hallingdal i 2019?

9. Kor mange heimar i Hallingdal får hjelp av Frelsesarmeen til jul, i form av matkasser og julegåver?

10. Ål kommune fekk denne veka 2,7 millionar kroner frå Kulturdepartementet. Kva skal pengane gå til?

Artikkelen held fram under annonsen.

... og her er svara:

1. Veidekke.

2. Thor Helge Berg (61).

3. Geilo Tomteservice.

4. Moen bygg i Ål.

5. Ribberennet i Ål og Slarverennet i Gol.

6. Laget hans, Lillestrøm, rykte opp til eliteserien.

7. 1. januar 2014.

8. Hotelleigar og investor Pål G. Gundersen på Geilo.

9. 120 husstandar.

10. Ein vasspark.