1.

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

Test deg sjølv i Hallingdølens vekequiz.

1. Kva heiter turistsjefen i Hemsedal?

2. Kva jobbar Elisabeth Skaane i Gol med?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Far og dotter Betty Karin Nørstebø og Arve Flatin gir seg i leiinga i ei hjørnesteinsbedrift i regionen. Kva bedrift?

4. Kva attraktiv jobb har ålingen Arnfinn Stendahl Rokne sikra seg?

5. Kva kommune vurderer å gå inn på eigarsida i Hallingdal Renovasjon?

6. Gro Rudi har sagt opp jobben som kommunalsjef for næring, miljø og kommunalteknikk i Nore og Uvdal. Kva skal ho ta til med i staden?

7. Kva heiter sykkelrittet som svingar innom Hallingdal neste veke?

8. Ein tilstandsrapport avdekte eitt problem i Gol kyrkje? Kva var det?

9. Kven stod for den fyrste konserten, med publikum til stades, i konsertsalen Sprang i Ål?

10. Kva skjedde med lastebilføraren som ikkje stoppa i ein tungbilkontroll i Ål onsdag?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Richard Taraldsen.

2. Kjøpmann hjå Rema 1000 i Gol.

3. Uvdal maskinfabrikk.

4. Direktør for Ringve Musikkmuseum og Rockheim (det nasjonale museet for populærmusikk), som båe ligg i Trondheim.

5. Sigdal kommune.

6. Prosjektleiar og rådgjevar i Buskerud næringshage.

7. Tour te fjells.

8. Eit utett yttertak.

9. Folkemusikar Øyonn Groven Myhren med tingingsverket «Haugtussa», som opphavleg var skrive til Folkemusikkveka. Ho hadde med seg musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson.

10. Han måtte laste opp att gruslasset han hadde tippa og bli med til vegstasjonen på Gol for å vege lasta. Lasset var ikkje for tungt, men føraren er meldt til politiet for å stikke av frå kontroll.

Posten la om rutinane sine denne veka, og går ned til å berre levere post annankvar dag. Det byr på endringar i arbeidsdagen for blant andre postbod Marit Furuli som jobbar i Gol.