Dei har ein kald jobb om dagen, men Bjørn Kåre Slåtto (t.v.) og Andreas Ringstad i Hallingdal Renovasjon vil heller ha kulde enn hålke. - Det er verst for han bakpå, seier Slåtto. - Uansett betre enn å sitje på kontor, tykkjer Ringstad.

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

Test deg sjølv i Hallingdølens vekequiz.

1. Kor mange tilsette har industribedrifta Nor-Mec i Ål?

2.

2. Kven er dagleg leiar (biletet)?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven sa: «Kundane våre er ikkje bandittar, dei er kvardagsheltar»?

4. Kva skjer med bygget til Bil og Bo på Geilo som vart totalskadd i ein brann i 2018?

5. Kva fekk Nina Gässler på Geilo nyleg merksemd for frå heile verda?

6. Ein etablert butikk melder flytting inn i kjøpesenteret Ålingen, kva butikk?

7. Kva butikk stenger dørene i Nesbyen kjøpesenter?

8. Kva heiter laget som tek mål av seg å arrangere regatta på Ustedalsfjorden til sommaren?

9. Kva trøbbel har råka Ål kulturhus sidan i fjor haust?

10. Kva heiter Ål-ungdommen sin eigen klubb som også har blitt øydelagt av hærverk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. 12 tilsette

2. Bjørnar Slettemoen.

3. Snøskuterforhandlar Harald Jorde, som eig Bilplaneten. Det vart totalt selt 88 nye skuterar i Hallingdal i fjor.

4. Politikarane har sagt ja til at det kan byggast seks leilegheiter.

5. Ho laga ein digital versjon av sykkelrittet Fat Viking og 250 deltakarar frå heile verda deltok.

6. Intersport.

7. Cubus.

8. Geilo Seilforening.

9. Hærverk, tjuveri og forsøpling.

10. HallUng (gamle Trugeholu).