I Nesbyen følgde dei spent med på presentasjonen av statsbudsjettet onsdag. Frå venstre økonomisjef Ole Jørgen Hallingstad, ordførar Tore Haraldset, rådmann Henrik Skovly og påtroppande økonomisjef Krystyna Rudkovska.

Kva hugsar du frå nyheitsbildet?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. SkiGeilo satsar stort på å bruke lokale leverandørar. Kor mykje har dei rekna at dei har handla tenester for lokalt det siste året?

2. Kva heiter forfattaren som gir ut bøker om arbeidarrørsla si historie i Hallingdal?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven har teke til i jobben som ny redaktør i Radio Hallingdal?

4. Kven er Jostein Urtegård?

5. Kven er tilsett som ny direktør for Buskerudmuseet?

6. Hellbillies hadde planlagt 80 konsertar i år. Kor mange rakk dei før koronakrisa slo innover landet?

7. Kven sa: «I dette budsjettet merkar me forskjellen på by og land. Auken i dei frie inntektene våre er mindre enn lønns- og prisveksten. Eg blir så provosert.»

8. Kvifor meiner tidlegare Ål-ordførar Knut Haug at det er feil av kommunane Ål og Hol å trekkje seg ut av Kleivi næringspark?

9. Kor mykje manglar Ål kulturhus i friske midlar for å koma i økonomisk balanse i år?

10. I kva hallingdalskommune gav innbyggjarane mest til TV-aksjonen i fjor (... og kvar var dei minst gåvmilde)?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. 34 millionar kroner.

2. John Johnsen i Ål.

3. Mia Langås Flåta frå Rødberg.

4. Drivaren av Norsenteret på Bromma.

5. Tom Wittenberg Oddby.

6. 18 konsertar.

7. Flå-ordførar Merete H. Gandrud (Ap).

8. Fordi det er mangel på næringstomter.

9. 600.000 kroner.

10. Flåværingane gav mest: 59,39 kroner per innbyggjar (golingane gav 46,38)

3.