3.

Kva hugsar du frå den siste veka?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva lokal industribedrift kan få 60 nye arbeidsplassar om ny produksjon blir lagt til Norge?

2. Kven er fylkesrådsleiar i Viken?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva hemsedøl fekk nyleg kulturprisen for Nord-Aurdal?

4. ... og kvifor fekk han denne heideren?

5. Kva oppførsel i utmarka får Hol Fjelloppsyn og Statens naturoppsyn til å fortvile?

6. Dei har skapt seg eit levebrød av å bygge om pick-up-bilar. Kva heiter bedrifta til Erik Rese Kallin og Martin Haraldsen på Torpo?

7. Kva kommune har det høgaste sjukefråværet i Hallingdal og Nore og Uvdal, ifølgje tal frå Nav frå andre kvartal?

8. ... og kvar finn me det lågaste sjukefråværet i andre kvartal?

9. Kva var den høgaste temperaturen målt i Hallingdal i august?

10. ... og den lågaste? Det er ingen tvil om at det går mot haust...

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Defa i Nesbyen.

2. Tonje Brenna (Ap).

3. Ole-Christian Nymoen.

4. Nymoen, som bur på Fagernes, har vore sentral i sykkelmiljøet i Valdres. Blant anna har han jobba med å bygge opp og halde oppe interessa for sykkelsporten.

5. Ulovleg ATV-køyring i Hovet som skaper store sår i naturen.

6. Make Your Own Roads.

7. Flå, 6,1 prosent.

8. Gol og Nore og Uvdal, 4 prosent.

9. +30,0 i Gulsvik 18. august.

10. -2,7 grader på Dagali 26. august.

Einar Breie tok denne ruggen av ein ørret i Strandafjorden i Ål sist helg. Fisken vog heile 7 kilo og er den desidert største fisken Breie har teke dei 60 åra han har fiska.