1.: Honey Liza Camillas Camposano, Sigrid Stillingen og Johanne Støen Haraldseth er elevar ved Flå skole.

Kva hugsar du frå den siste veka?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Tre skuleelevar i Flå arrangerte underskriftskampanje. Mot kva?

2. Kor lenge er det sidan det første kravet kom om minstevassføring i Holsvassdraget?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva går pengane som blir samla inn i TV-aksjonen til i år?

4. … og kvifor vil ikkje fleirtalet i Flå kommunestyre støtte saka?

5. Kva jobb har Susanne Taalesen i Numedal takka ja til?

6. Kva gjævt oppdrag har musikar Helga Myhr frå Torpo nyleg fått?

7. Kor mange prosent av innbyggjarane i Hol brukar den nasjonale smittestopp-appen?

8. Årets 17. mai vart den kjøligaste på Geilo sidan 2005. Kor kaldt var det?

9. Kva profilert idrettsutøvar, og no programleiar, annonserte denne veka at ho ventar barn?

10. Kva høgtideleg opning kan du følgje på hallingdolen.no laurdag kveld?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Dei vil ha leksefri skule.

2. Oktober 1998, altså snart 22 år.

3. Verdas naturfond (WWF) og deira arbeid for å overvinne plast i havet.

4. Måten WWF opptrer på, til dømes ved aksjonere mot norsk rovdyrpolitikk generelt og ulvejakt spesielt.

5. Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Nore og Uvdal (ho er no skulesjef i Sigdal og varaordførar i Flesberg).

6. Ho skal lage tingingsverket til Osafestivalen på Voss.

7. 41 prosent av alle over 16 år, og dermed nest-flest i heile landet.

8. Fem grader.

9. Tiril Sjåstad Christiansen frå Geilo.

10. Opninga av Sprang, landsdelsscena for dans, som ligg i Ål.

Hans Vidar Sørensen fekk med seg hunden Venja på ei luftig drive-in-gudsteneste i Hemsedal 17. mai. Dette var berre eitt av fleire kreative arrangement i Hallingdal på ein nasjonaldag som var sterkt redusert på grunn av koronakrisa.