Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) foreslår å kutte i årets løyvingar til Ringeriksbanen. Arkivfoto.

Kuttar i løyvingane, men held oppe tempoet

Regjeringa vil bruke mindre pengar på Ringeriksbanen i år. Likevel tek ein sikte på oppstart som planlagt i 2021/22.

Det går fram av regjeringas forslag til revidert nasjonalbudsjett som var lagt fram i føremiddag. Regjeringa held dermed fast ved framdriftsplanen for fellesprosjektet Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss.

Halvering

Kostnadssprekk for fleire av dei pågåande jernbaneutbyggingane rammar Ringeriksbanen. Regjeringa foreslår difor å halvere løyvinga til planlegging for inneverande år. Løyvinga blir foreslått redusert med 278 millionar til 250 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arkeologiske utgravingar

Det inneber at det vil bli brukt mindre pengar til grunnerverv og arkeologiske utgravingar enn planlagt. Men sjølv om regjeringa reduserer årets pengebruk, er målet framleis oppstart i 2021/2022. Planen er å vedta finansieringa i mai neste år — i samband med Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Les også
Klart for byggestart av Ringeriksbanen

«Regjeringen foreslår å redusere bevilgningen til planlegging av jernbaneinvesteringer med 278 mill. kroner som delvis inndekning for økte investeringsutgifter på jernbanen. Reduksjonen gjelder planlegging av Ringeriksbanen. Gjenværende bevilgning legger til rette for at en investeringsbeslutning kan tas i 2021. Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget om dette på egnet måte», heiter det i framlegget til revidert nasjonalbudsjett.

Viktig prosjekt

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) understrekar at det er viktig å få realisert Ringeriksbanen og firefelts motorveg for E16 mellom Sandvika og Hønefoss.

— Regjeringa vil arbeide for å legge fram forslag til investeringsvedtak for fellesprosjektet i samband revidert nasjonalbudsjett 2021 i mai neste år. I løpet av næraste framtid vil me starte arbeidet med førebuing til bompengevedtak og ekstern kvalitetssikring, opplyser Hareide.

Årsskiftet

Alle store utbyggingsprosjekt, slik som fellesprosjektet Ringeriksbanen E16 Høgkastet-Hønefoss, må kvalitetssikrast før Stortinget gjer endeleg vedtak om finansiering. Samferdselsdepartementet tar sikte på at kvalitetssikringa skal vere ferdig ved årsskiftet 2020/21.

Auka kostnader

Auka kostnader knytt til bygginga av Follobanen, InterCity-strekninga Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen og InterCity-prosjekta Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker på Vestfoldbanen rammar både Ringeriksbanen og InterCity-prosjektet Kleverud-Sørli på Dovrebanen.

Les også
Knut Arne er godt fornøgd med Knut Arild

Regjeringa vil kome attende til InterCity-prosjektet Kleverud-Sørli i samband med statsbudsjettet for 2022.

Krevjande

— Det er ein økonomisk krevjande situasjon i jernbanesektoren. Den tek me på alvor. Me er diverre nøydde til å redusere omfanget av planlegging av Ringeriksbanen og E16 i år. Den føreslåtte løyvinga saman med initiativet til nødvendige bompengevedtak og ekstern kvalitetssikring gjer det likevel mogleg å få på plass eit investeringsvedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021, seier samferdselsministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Blir Hareides «høgre» hand
Les også
Uklare om Ringeriksbanen