Utsiktene for Distrikts-Norge gir grunn til uro. Det er no politikarane må setje inn tiltak, skriv Knut Arne Gurigard. Biletet syner Nesbyen.

Framtidas distrikts-Norge

Kronikk: I 25 år har eg hatt ei stilling der distriktspolitikk har ligge i botn for mykje av arbeidet. Synspunkta eg kjem med er ut frå min ståstad i Hallingdal, som distriktsoptimist, men med ei uro for delar av distrikts-Norge si framtid. Og for å gjera det heilt klart, dette er ikkje eit valkampinnlegg for bestemte politiske parti.

Eg registrerer ei viss usemje om status og framtidsutsikter for distrikts-Norge, der eit augneblikksbilete («det går så det susar»), kan bli misvisande. Når det gjeld utviklinga dei siste 10-15 åra bør den vera lettare å bli samd om, ut frå m.a. mykje udiskutabelt statistikkgrunnlag. Demografi, arbeidsplassutvikling og økonomi/lønsemd kan vera gode indikatorar på korleis det står til. Når det gjeld demografi er trenden klar, mange kommunar opplever ein folketalsnedgang, noko som kan seiast å vera ein hovudindikator på eit distriktsproblem. Distrikta får stadig færre i yrkesaktiv alder samanlikna med meir sentrale strøk og omsorgsbyrda aukar. Distrikta mistar for mange av sine «eigne» som aldri kjem attende som arbeidskraft. Redninga til no har for mange vore arbeidsinnvandring.

Når det gjeld utvikling og vekst i arbeidsplassar i privat sektor er bilete noko meir samansett, men trenden er klar, den vesentlege delen av veksten skjer i våre største byar og bynære område. Arbeidsplassar som krev høgare utdanning blir i fyrste rekkje etablert i sentrale strøk. I distrikta er yrkesretta fagutdanning i større grad eit behov, ut frå næringsstruktur. Når det gjeld økonomi/lønsemd kan ein grovt seie at me som innbyggjarar ikkje har det så verst, kommuneøkonomien er på det jamne og næringslivet går rimeleg bra. Ut frå dette vil enkelte kanskje seie at det er ikkje så mykje å sutre over. Og det kan vera rett ut frå dagens situasjon. Men ser me på framskriving av befolkninga, flyttetrendar og etablering av arbeidsplassar som krev høgare utdanning, så er det grunn til uro.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vil kampen om arbeidskrafta hardne til. Som ein illustrasjon:

* Netto har fastlandssysselsettinga auka med 28.000 årleg dei siste 20 åra. NAV si bedriftsundersøking har estimert mangelen på arbeidskraft våren 2019 til ca. 60.000 personar. Dette er 15.000 fleire enn på same tid i fjor og 26.000 fleire enn i 2017.

* Om 15 år vil me mangle 28.000 sjukepleiarar og 18.000 helsefagarbeidarar.

SSB)
SSB)

Med dagens trendar seier det seg sjølv at distrikta ligg godt an til å bli taparen.

Kort historikk

Distriktspolitikk er fyrst og fremst brei samfunnsbygging, så brei at politikkområdet ikkje har sine organiserte interesser. Dette fører til nedprioritering og usynleggjering av politikkområdet.

Det er snart 60 år sidan Distriktenes Utbyggingsfond (DU) vart etablert, og 25 år sidan DU vart fusjonert inn i Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond som fekk kort levetid og vart etter eit tiår del av Innovasjon Norge. 1970-talet vart det store tiåret for nye og sterke verkemiddel. I 1975 kom den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta. Differensieringa følgde den same geografiske inndelinga som investeringstilskotet og samla sett gav dette kraftig stimulans til jobbskaping i distrikta.

På slutten av 1980-talet og på 90-talet begynte nedbygginga av distriktspolitikken, om me ser på løyvingar og institusjonane. Distriktsstemmene har blitt mindre og mindre viktige, noko som og er med på å forklare den langsiktige trenden.

Uro

Ein kan ana trendar der overfylt, dyrt og oppjaga byliv ikkje er det einaste saliggjerande. Ei kursendring vil kunne bli til beste for både by og distrikt, men det trengs ein bevisst og kraftfull politikk. Min påstand er at me i dag ikkje har ein levande distriktspolitikk og det er ikkje noko politiske parti som i handling, verkeleg har brukt storslegga i distriktspolitikken dei siste 10-åra. Ut frå stor politisk semje om å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret og ei erkjenning om at distrikta har eller vil få større utfordringar, vil det vera god butikk å setja inn ein aktiv og kraftfull distriktspolitikk no, i staden for å vente til utfordringane er mykje større, eller håpe på at det ordnar seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslag

Distriktspolitikk skal ikkje vera å reise til by’n med lua i handa for å be om hjelp. I denne samanheng er det og viktig å presisere at me ikkje kan skyte på staten i eit og alt. Sjølvsagt har distrikta eit eige ansvar for å lykkast. Distriktsregionar/kommunar må i størst mogeleg grad kunne styre i eige hus. Dette krev rammevilkår og kunnskap om og engasjement for distrikta. Utvikling av eigen region må kunne skje basert på naturgjevne fortrinn, men samstundes er det avgjerande at distrikta tek del i utvikling av nye næringar.

I det etterfølgjande er nokre tema omtala.

Statleg ansvar: Når det gjeld rammevilkår må m.a. følgjande vera på plass frå staten si side:

* Meir føreseielege vilkår i forhold til skattar og avgifter

* Etablere ei slagkraftig verkemidelordning ut frå same motivasjon som DU, med m.a. betre tilgang på kapital

* Oppretthalde ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift

* Utbygging av infrastruktur som tilfredstillar næringslivet sine behov

Statlege arbeidsplassar: Det har vorte skrive mykje og prata i store vendingar om statlege arbeidsplassar. Sitat frå regjeringserklæringa:

Artikkelen held fram under annonsen.

* at det ved etablering av nye statlige virksomheter legges generelt til grunn at disse skal lokaliseres utenfor Oslo. Unntak fra dette skal begrunnes særskilt. Det er mål at også nye funksjoner som etableres som egne enheter i tilknytning til eksisterende statlige virksomheter lokaliseres utenfor Oslo

* at det skal foretas en ekstern gjennomgang for å fremme konkrete forslag til tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplasser og nye statlige arbeidsplasser spres utover hele landet. Også tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplasser i distriktene skal vurderes.

Til no har dei fleste distriktsregionar mista statlege arbeidsplassar i stor monn. Og etablering av statlege arbeidsplassar utanfor Oslo har i det alt vesentlege skjedd i dei største byane. For Hallingdal har det ingen positive verknadar at statlege arbeidsplassar blir lokalisert i t.d. Drammen. Det er på ingen måte med på å styrke Hallingdal som arbeidsmarknad.

Skal utflytting av statlege arbeidsplassar ha noko å seie for distrikta må ein faktisk ta føremålet med lokaliseringspolitikken på alvor. Målsettinga er «å bidra til lokalisering i regionale sentra der virksomheten har størst potensial for å bidra til det lokale tilbudet av arbeidsplasser, både med hensyn til omfang og bredde.» I denne samanheng er kulepunkt to i sitat frå regjeringserklæringa verdt å merke seg.

For regionar som Hallingdal er det heilt avgjerande med eit meir variert næringsliv, det blir meir robust og me blir meir attraktive for yngre folk med høgare utdanning. Det er eit paradoks at det blir sett i gang div. statlege program som har som mål styrke rekruttering og etablering av nye arbeidsplassar, samstundes som staten sitt mest nærliggjande verkemiddel ikkje blir nytta.

Distriktsminister: Det trengs ei tydelegare forankring i regjeringa, med nokon som har eit definert ansvar, ein distriktsminister.

Samarbeid stat – region/kommune:

* Styrke/etablere lokale utdanningar i forhold til næringslivet sine behov

Artikkelen held fram under annonsen.

* Utnytte og vidareforedle distrikta sine ressursar, kvaliteter og mogelegheiter i langt større grad

Regionalt/lokalt ansvar:

* Godt fungerande tettstader med gode servicetilbod er ein føresetnad for livskraftige regionar. Dette er i fyrste rekkje den einskilde kommune og region sitt ansvar.

* Distriktskommunar treng tilflytting, men tek ofte ikkje godt nok vare på dei som kjem. Me treng meir bevisst innsats, slik at innflyttarar føler seg velkomne.

* Ein stor del av byfolket har hytte i distrikta, og fleire blir det. Dette er eit særnorske fenomen som ikkje er teke heilt på alvor i samfunnsutviklinga. Hyttefolket kan vera ein ressurs og positiv aktør i den regionale utviklinga.

Løysingar inneber ikkje å gå attende til korleis ting var før og sentralisering er ikkje alltid løysinga. Nye næringar og teknologi gir også mogelegheiter for distrikta. Noko av det viktigaste me kan gjera, er å gjenreise distriktspolitikken på tvers av alle samfunnsområder. For å få stor nok kraft framover må det til eit breitt partipolitisk samarbeid.

Håp

Regjeringa vil om kort tid (?) legge fram ei ny stortingsmelding om distriktspolitikken. Ut frå dei mogelegheitene som finns, men og utfordringane som er i distrikta, må det vera lov til å ha forventningar til ei stortingsmelding om framtidas distriktsutvikling. Minner her om Politisk plattform, Granvolden: «Regjeringen vil videreføre sitt distriktspolitiske løft for å styrke den lokale og regionale vekstkraften i områder med lav økonomisk vekst, lang avstand til større markeder, ensidig næringsstruktur og stagnasjon eller nedgang i folketallet.»

Eg ventar i spenning og trur på ei positiv utvikling for distrikts-Norge, dersom det blir teke gode og samlande grep.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Arne Gurigard er regionrådsleiar i Hallingdal. Gjennom 25 år har han følgd utviklinga i Distrikts-Norge tett.

I denne kronikken etterlyser han ein aktiv distriktspolitikk frå alle politiske parti.