Politiet etterlyser vitne i samband med ein kollisjon vest for Geilo onsdag kveld, der ein person hamna på sjukehus.
Politiet etterlyser vitne i samband med ein kollisjon vest for Geilo onsdag kveld, der ein person hamna på sjukehus.

Kritisk skadd - vitne etterlyst

Politiet etterlyser vitne etter kollisjon mellom ein campingbil og ein personbil nær Ustaoset onsdag kveld.

Det var like før klokka 20 onsdag kveld meldinga kom om kollisjon på Rv7 kring 7-8 km vest for Geilo, nær Ustaoset. Det var meld om personskader i samband med kollisjon mellom ein campingbil og ein personbil.

Ein mann i 20-åra sat fastklemt i personbilen og måtte få hjelp frå brannvesen for å bli frigjort. Luftambulansen flaug vedkommande til Ullevål sjukehus etterpå. Politiet melder at vedkommande vart kritisk skadd. Det var eit tysk ektepar som køyrde bubilen. Dei kom uskadd frå samanstøyten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har gått ut med etterlysing av ein blå bil av merket Ssangyong som køyrde austover i retning Geilo som mogeleg vitne til ulykka.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og politiet har vore på ulykkesstaden og gjort undersøkingar. Trafikken vart ei tid omdirigert.