Halvannan månad før Øystein Hagel Pedersen vart funnen død av gift på eit hotellrom i Kristiansand i 2014 hadde han flytta tilbake til Geilo og starta bilforretning. Biletet er frå februar 2014.
Halvannan månad før Øystein Hagel Pedersen vart funnen død av gift på eit hotellrom i Kristiansand i 2014 hadde han flytta tilbake til Geilo og starta bilforretning. Biletet er frå februar 2014.

Krev 21 års forvaring for sjubarnsmor

Påtalemakta meiner sjubarnsmora tok livet av ekssambuar Øystein Hagel Pedersen (67) frå Geilo.

I tingretten i Kristiansand onsdag kravde påtalemakta 21 års forvaring for kvinna.

Påtalemakta meiner at ho ikkje berre drap Hagel-Pedersen, som ho har to barn med, men også sin eigen far tolv år tidlegare. Kvinna nektar for å ha drepe dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vart skjerpa

Ho var tiltalt for forsettleg drap på dei to.

Men under rettssaka vart tiltalen skjerpa til overlagt drap. Øystein Hagel-Pedersen vart funnen død på eit hotellrom på First Hotell i Kristiansand i april 2014. Han hadde ein kraftig overdose med sovemedisin i blodet. Påtalemakta meiner at ho planla drapet på han og at det vart gjort med overlegg.

– Ho har hatt eit fast forbrytersk forsett om å ta livet av Hagel-Pedersen, dette oppstod minst eit år før han døydde, sa aktor Ragnhild Helgesen, ifølgjeNRK, under prosedyren i retten.

Aktor hevda også at kvinna gjorde eit mislykka drapsforsøk på Hagel-Pedersen eitt år tidlegare. Han melde henne då for neddoping. Kvinnas forsvarar meiner at det ikkje er noko som indikerer at ho skal ha planlagt noko som helst.

Flytta til Geilo

Hagel-Pedersen hadde flytta tilbake til Geilo og starta bilforretning.

– Eg trivst fantastisk godt på Geilo og i Hallingdal, og blir halling på mine gamle dagar, sa han ieit intervju med Hallingdølen.

Halvannan månad seinarevart han funnen død på hotellrommet i Kristiansand.