13. mars gjekk dette skredet i Systerskardfjellet ikkje langt frå Hemsedal skisenter. No er skredfaren betydeleg.

Kraftig mildvêr gir betydeleg skredfare i Hallingdal

Måndag vart skredfaren oppjustert til nivå tre - betydeleg skredfare.

– Det er aukande skredfare i heil hallingdalsområdet, fortel vaktleiar i skredvarslingstenesta, Emma Julseth Barfod.

Mildvêr og regn

Fram til måndag var skredfaren på nivå to. Måndag vart faren justert opp på grunn av vêrforholda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kraftige mildvêret fører til svekt snødekke. Då kan det lett gå naturleg utløyste skred, fortel Barfod.

Les også
Dei var på rett stad til rett tid

Det vil seie at det kan gå skred utan at personar er i området som løyser det ut.

Lengst vest er det også meldt ein del regn, som også gjer forholda meir ustabile.

Heile området

– Hallingdal strekkjer seg frå Hardangervidda til Gulsvik. Er skredfaren like stor i heile området?

– Ja, det er meldt temperaturstigning i heile området. Det er meldt mest regn i vest, men skredfaren er aukande i heile regionen.

30 grader

Skal ein ferdast i fjellet må ein med andre ord passe seg ekstra godt for rasutsette område.

Les også
Mindre trafikk enn normalt i palmehelga

– Når forholda er slik dei er no, vil eg oppfordre folk til å unngå skredterreng. Det vil seie område brattare enn 30 grader. I tillegg er det lurt å halde god avstand til bratte sider fordi snøskred kan gå temmeleg langt, seier Emma Julseth Barfod som fortel at Varsom har ein eigen app folk kan bruke for å få best mogeleg oversikt kvar skredfaren er størst.

Blir kaldare

Utover i veka er det meldt kaldare vêr. Det betyr meir stabile snøforhold. Men dei fyrste dagane er skredfaren betydeleg, ifølgje varsom.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Her hoppar prosten i elva
Les også
Får halde oppe i påska
Les også
Ei hytte utan straum og vann