Politi, ambulanse og brannvesen rykka ut til ei bilulykke på fv40 i Uvdal sundag morgon.
Politi, ambulanse og brannvesen rykka ut til ei bilulykke på fv40 i Uvdal sundag morgon.

Køyrde i fjellveggen

Føraren som køyrde i ein fjellvegg i Uvdal sundag morgon slapp unna ulykka utan skadar.

Sundag morgon melde politiet på Twitter at ein einsleg bil hadde køyrd i ein fjellvegg på fv40 i Uvdal, sør for Fønnebøfjorden. Føraren var åleine i bilen, og vart fort henta ut og tatt hand om av ambulansen - som kunne konstatere at mannen var uskadd. Årsaka til ulykka var at eit av hjula på bilen hamna utanfor køyrebanen. Dette gjorde at føraren mista kontroll over bilen og kolliderte i ein fjellvegg. Det opplyser operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt.