Trafikkulykke på Hemsedalsfjellet - vegen er open att

Rv52 Hemsedalsfjellet er open att etter ei trafikkulykke ved Breistøl på vestsida.

To vogntog og ein personbil var involvert i hendinga. Vegvesenet melde at vegen var stengt på grunn av bilberging. Litt etter klokka 17:30 vart vegen opna att.

Påkøyrd bakfrå

– Det er snakk om påkøyrsle bakfrå. Ein av lastebilane har truleg stoppa og så køyrde dei andre bilane inn i den. Personbilen vart klemt mellom lastebilane, opplyser Jørgen Ommedal i Vest Politidistrikt til Sogn Avis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje meldt om personskader.

Opne vegar

Fredag er også alle tre fjellovergangane opne:

Rv7 Hardangervidda

Rv52 Hemsedalsfjellet

Fv50 Hol-Aurland

For siste oppdaterte trafikkmeldingar klikk her

Les også
Front mot front på Rv7 - to sendt til sjukehus
Les også
Har sett i gang planlegging av ny veg: – Me har teke opp sveiva igjen
Les også
Dyrt drivstoff: – Det er ikkje hyggeleg, me blør litt no