Bjørn Vissebråten la stemmesetlane i urna med eit smil. Torstein Hanserud såg til at alt gjekk rett for seg.
Bjørn Vissebråten la stemmesetlane i urna med eit smil. Torstein Hanserud såg til at alt gjekk rett for seg.

Kø då vallokala opna i Nes

Klokka 14 sundag opna vallokala. No er siste innspurt i gang.

Kring klokka 15.30 putta Bjørn Vissebråten røystene i kommune- og fylkestingsvalet i urna.

Han er som mange andre nesningar spent før årets val. For kven som står att som ordførar og korleis dei sentrale verva blir delte ut, er heilt ope.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan Bygdelista kopiere brakvalet for fire år sidan og bli største parti? Eller vil Arbeiderpartiet reise seg etter katastrofevalet og kan Senterpartiet vinne valet med ei nasjonal distriktsbølge i ryggen? Og kan Høgre halde stand på godt over 20 prosent eller går partiet tilbake til «normalen»? Partia som kan klare å mobilisere veljarar desse siste dagane kan score på det. Då vallokala opna i kommunehuset i Nesbyen klokka 14, var det iallfall stor pågang.

– Det var kø i ein time, seier Torstein Hanserud.

Han er blant dei som ser til at valet går rett for seg. For det er høgtid i lufta når stemmene skal leggast i urna. Og no tel kvar stemme for alle parti.

Måndag opnar stemmelokala klokka 09.00 og stenger klokka 20.00 og 21.00. Klokka 21.00 kjem den første valdagsmålinga med første peikepinn på resultatet på landsbasis. Frå klokka 22 og utover er dei lokale resultata venta.