Dagleg leiar i Regionrådet for Hallingdal, Knut Arne Gurigard, har god tru på at det kan bli byggestart for Ringeriksbanen i 2021/22. Arkivfoto.

Knut Arne er godt fornøgd med Knut Arild

Trass i pengekutta, regionrådsleiar Knut Arne Gurigard er godt fornøgd med regjeringa og samferdselsminister Knut Arild Hareide. Det same er Forum nye Bergensbanen.

Regjeringa vil for inneverande år bruke mindre pengar på planlegging av fellesprosjektet Ringeriksbanen og ny E16 mellom Sandvika og Hønefoss. Men Hareide vil starte utbygginga i 2021/22 slik som planlagt.

Det går fram av Solberg-regjeringas forslag til revidert nasjonalbudsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kuttar i løyvingane, men held oppe tempoet

– God skisse

— Regjeringa har lagt opp til ei god skisse for oppstart i 2021/22. Det er eg svært godt fornøgd med. Redusert løyving er til å leva med, dersom den ikkje hindrar skissert framdrift, seier Gurigard som er overtydd om at Ringeriksbanen vil vera ein revolusjon for Hallingdal. Både for fastbuande og reiselivsnæringa.

278 millionar

Samferdselsministeren vil kutte 278 millionar i årets løyvingar. Det skuldast fyrst og fremst kostnadssprekk frå andre jernbaneutbyggingar. Dermed blir det mindre pengar til grunnerverv og til arkeologiske utgravingar.

— Positiv lesnad

— Omtala av Ringeriksbanen/E16 i revidert nasjonalbudsjett er positiv lesnad. Det er oppløftande at samferdselsministeren er så tydeleg på at han vil ha eit investeringsvedtak neste vår - i samband med revidert nasjonalbudsjett 2021. Det er også gledeleg at det no blir sett fart i bompengeutgreiing og ekstern kvalitetssikring, seier Gurigard og legg til:

Held oppe trykket

— Reguleringsplanen for fellesprosjektet vart vedteke 27. mars i år. Det er difor bra at regjeringa held oppe trykket. Dermed unngår ein ytterlegare forseinkingar i prosjektet.

Les også
Meir svingete for både veg og bane

— Det er også svært viktig og bra at Statens vegvesen no får beskjed om å ferdigstille bompengeutgreiinga snarast råd. Det betyr at den vil gå parallelt med bompengevedtak i kommunane Hole, Ringerike og Viken fylkeskommune.

Godt fornøgd

Også Forum nye Bergensbanen er godt fornøgd med regjeringas framlegg. Og då fyrst og fremst Hareides skisse til oppstart i 2021/22.

Etter kuttet vil det stå att 250 millionar kroner til Ringeriksbanen på inneverande års budsjett.

— 250 millionar er vonleg det som skal til for at prosjektet kan vidareførast som planlagt. Det betyr også at ein kan førebu og starte med grunnerverv, seier styreleiar i Forum nye Bergensbanen, Hans Erik Ringkjøb, som også er ordførar på Voss.

Artikkelen held fram under annonsen.