Turisttrafikken i Hemsedal er stor. Men kommuneoverlegen håpar turistar i korontakarantene ikkje kjem. I verste fall set det helsetenestene på ekstra prøve.

Klar melding til hyttefolk i karantene: - Hald dykk heime

Kommunane førebur seg på unntakstilstand. No ber kommuneoverlege i Hemsedal, Camilla Underland, personar i karantene om å halde seg unna hytta på fjellet.

Meldinga frå Underland er tydeleg:

– Me rår sterkt personar som ikkje bur i Hemsedal, men kanskje har tenkt seg på hytta når dei sit i karantene, om ikkje å kome.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan knekke oss

Og denne bodskapen gjeld ikkje berre Hemsedal. Med nesten 20.000 hytter i heile Hallingdal er det store sjansar for at personar som er sett i koronakarantene ser for seg rolege dagar i fjellet. Problemet er at dei i verste fall aukar presset på dei kommunale tenestene.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

– Det kan knekke oss. Me er sterkt pressa, og ytterlegare press på våre helsetenester kan få store konsekvensar, seier Underland.

Underland peikar på at ressursane i kommunane no må settast inn der det trengst som mest. Derfor treng ikkje kommunane ekstra belastning på ambulanse, legevakt og andre helsetenester som hyttefolk har krav på når dei er på hytta.

— Ting kan skje. Og me har nok no, seier Underland.

Beredskapsplanar

Frå andre stader i landet kjem det rapportar om personar i karantene som opptrer svært uforsiktig. I Bykle melder NRK at personar som skal sitte i karantene, er sett ute blant folk. Underland meiner alle må innsjå at dei må bidra i ein nasjonal dugnad for å avgrense smittespreiinga. Og i alle kommunane i Hallingdal gjer helsevesenet seg klar for unntakstilstand med mange fleire pasientar og sjukmelde tilsette. Beredskapsplanar er funne fram, og kommunane legg planar som inneber at tilsette må vere førebudd på å bli omdisponert frå ein etat til ein annan. Til dømes kan tilsette i teknisk etat hjelpe helsetenestene med transportoppdrag.

Tomme for smittevernutstyr

— Det kan bli eit hardt press på kommunale tenester. Tilsette må førebu seg på å gjere andre oppgåver. Det kan bli ein dugnad blant arbeidstakarane, seier Underland.

Og det er alt eit stort press på kommunale tenester. Telefonane og førespurnadene er mange. I Hol og Ål er kommunane tomme for smittevernutstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Derfor har me vore innom Montér og Ål Kjøpelag for å kjøpe verneutstyr. Det er knapt, men me jobbar med dette no, seier beredskapskoordinator i Hol og Ål, Espen Bille-Larsen.

Geir Strømmen Espen Bille-Larsen: Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen (t.v.) og beredskapsrådgjevar Espen Bille-Larsen orienterte reiselivsnæring og andre aktørar om koronaviruset og konsekvensane av det.

– Dette er ikkje hysteri

I eit møte for reiseliv og andre store aktørar i Hol tysdag morgon, understreka også kommuneoverlege i Hol og Ål, Geir Strømmen, alvoret. Men kommunane kan kjøpe seg tid og avgrense smittespreiinga med systematisk og streng førebygging.

– Våpenet er karantene. Dette er alvor, og terskelen for isolasjon og karantene er låg. Det er dramatisk viktig å gjere alt rett no, sa Strømmen, og heldt fram:

- Dette er noko heilt anna enn ein vanleg influensaepidemi. Å prate om hysteri er ein vanleg forsvarsmekanisme. Dette er ikkje hysteri.

Underland kallar det ein haldningskampanje. Og ho trur frykt blant befolkninga kan førebyggast og dempast med å gi gode og klare råd om korleis kvar enkelt kan vere med avgrense sjukdommen.

– Dette er ein nasjonal dugnad. Kommunane skal gå føre, og me må få med befolkninga. Det me gjer no, får me nytte av seinare.