12-år gamle Amalie melde seg raskt inn i den nystarta Natur og ungdom-gruppa i bygda.

Kjempar for framtida

— Det er kanskje ikkje hipt å vere klimaaktivist om tjue år, men ein har kanskje ikkje noko val, seier Amalie Eliassen. Ho har flytta til Oslo for å gå på vidaregåande og for å kjempe for klima.

- Fyrste gong eg høyrde om klimaendringane var i naturfagtimen i sjette klasse, fortel Amalie Eliassen.

Den då 12-år gamle Amalie melde seg raskt inn i den nystarta Natur og ungdom-gruppa i bygda. Ho starta med å lesa seg opp og å sjå dokumentarar om klima og miljø, og det gjekk opp for henne at den verda ho kjende er truga på grunn av kloden blir varmare. Ho vart overraska over at ikkje fleire tok det på alvor. I dag, fem år seinare, er ho ikkje åleine. 70 prosent av elevane ved Steinerskulen ho går på i Oslo, stemte Miljøpartiet dei grøne ved skulevalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klimaflyktning: Amalie Eliassen i Oslo.

- Det er enklare for meg å vera klimaaktivist her i Oslo enn det er i Hemsedal. Her er det fleire folk, fleire tankar og lettare å møte likesinna, fortel Amalie.

Ho synest er lettare å vere ein del av fleire hundre aktivistar i storbyen enn ein av tre aktivistar i Hallingdal. På den måten kan ho få til meir. For trass i at Natur og ungdom-gruppa i Hemsedal arrangerte byttekveldar, treplaningdagar, klimastreikar med over 70 frammøtte og hadde møte med politikarane, var også mange skeptiske.

- Dei fleste ungdommane støtta oss, sjølv om nokon ikkje syntest det var så kult. Dei vaksne var meir skeptiske. Me prata med politikarane, men dei tok det ikkje vidare. Eg trur det er lettare å ende opp som meir einpora og ikkje sjå alt som går føre seg om ein kjem frå distriktet. Folk er meir konservative og mindre nytenkande enn i byen der ein heile tida er omfamna av forskjellige idear og kulturar, seier ho.

Kanskje er det slik over heile verda. Dei vaksne har høyrd om klimaendringane i så mange år, men enno ikkje sett dei verkelege endringane. No går alt fortare.

- Vaksne seier av og til at me overdriv, men til og med FN har erklært klimakrise. Det har allereie skjedd store endringar mange stader i verda. Mange barn er redde. Om 50 år lever me framleis. Me vil merke konsekvensane på kroppen. Nokon seier at ein skremmer barn, at me må roe ned. Men eg trur ikkje det er så mykje å roe ned. Eg trur heilt ærleg at dei vaksne må lære av frykta vår — og gjere noko med det.

Amalie Eliassen går gjennom gatene i Oslo, og kjenner ho er komen på rett stad som miljøforkjempar.

Det å flytte til hovudstaden har gått smertefritt. Blikket er trygt og bestemt der ho går gjennom gatene. Ho er sjølvstendig, likar byen, skulen, har alt fått mange gode venner. Steinerskulen er “insant” gode til å inkludere meiner ho, vennene frå heime har ho kontakt med på sosiale medium og helgebesøk. I tillegg kjem mor hennar rett som det er på besøk.

- Mamma har fått lov å jobbe frå Oslo eit par dagar i veka. Det er eg skikkeleg glad for, skyt ho inn.

Det ho saknar mest er frisk luft. Og utsikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Klimamessig skjønar eg ikkje at fleire i Hemsedal ikkje er aktive. Tenk om snøen blir borte. Korleis skal det gå med Hemsedal då?

Om ho var klimabevisst før ho flytta, har det blitt sterkare dei siste månadane. Sjølv har ho blitt veganar, handlar berre brukt og er aktiv i Natur og ungdom i Oslo. Der aksjonerer ho, demonstrerer og er med og saksøker staten for å ikkje ta klima på alvor.

Reisevanane til både henne og familien har alt endra seg mykje, men Amalie meiner ein må kunne fly litt. Neste år planlegg ho for eksempel å vere utvekslingsstudent i USA. Heldigvis er det ikkje lov å reise heim i løpet av året, så det blir berre billett fram og tilbake.

- Eg synest ein må få lov til å unne seg ein tur i ny og ned. Ein treng berre ikkje fly heile tida. Der ein kan ta alternativ transport, burde ein gjere det. Dessutan, enkeltmenneske kan berre gjere så mykje. Til slutt er det staten og toppleiarane i verda som kan gjere dei verkelege endringane, fortel ho raskt.

Klimaflyktning: Amalie Eliassen har begynt på skule i Oslo for å ofre seg for klimakampen.

Likevel, ho skammar seg over å fly. Eller som det heiter i dag, ho kjenner på flyskam. Sjølv om Erna seier ein ikkje skal føle på det, går ikkje skamma så fort vekk av seg sjølv.

- Har det blitt for mykje fokus på skam i klimadebatten?

-Både òg, trur eg. Me har jo visst om klimakrisa veldig lenge, og ikkje gjort noko med det. No er det meir negativt prat, meir press og skam — men samtidig er det kanskje det som må til for at ein faktisk handlar no, svarar ho.

Trass alle skam og alle negative tal som berre viser at utsleppa i verda går opp, har Amalie framleis håp. Ho let seg inspirere av personar som Greta Thunberg. Det at den jamgamle jenta frå Sverige har ei heil verd til å streike kvar fredag, viser kor mykje ein person kan få til åleine, og at saman kan ein få til det utrulege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Amalie Eliassen (t.h.) gjekk i 8.-mars-tog på Youngstorget i lag med titusen andre, inkludert Oda Line Omdal og Venstres Abid Raja (bak).
Miljøflyktning: Amalie Eliassen i Oslo.
Den eldre generasjonen stilte opp med kake, skilt og saft for å støtte ungdommen. F.v. Borghild Borge, Hans Borge, Kjell Snerte og Kirsten Lund. Her saman med to av eldsjelene i streiken, Amalie Eliassen og Elvira Gomez Snerte.

- Eg trur me kan snu skuta om me alle jobbar saman. Det ser ikkje ut som alle verdas leiarar er einige i det, men eg trur me kan få det til. Uansett utfall av klimakrisa: Eg vil vite når eg er gammal at eg ikkje var ein av dei som sat på rumpa, enten det går bra eller dårleg.

Amalie Eliassen kan også sjå tilbake på ein karriere som friidrettsutøvar. Her hoppar ho 4,65 hadde under Hallingdalsleikane.
Er du engasjert i klima?

Her er Amalie sine råd om kva du kan gjere i Hallingdal:

— Meld deg inn i Hallingdal Natur og ungdom.

— Et mindre kjøt.

— Gå til skulen.

— Kjøp brukte klede.

— Fly mindre.

— Prøv å påverke andre, særleg politikarar som har mogelegheit til å ta viktige val.

Klimaflyktning: Amalie Eliassen i klasserommet.
f.v. Elvira Snerte og Amalie Christin Eliassen. Jentene skal streike for miljøet 22. mars og dei har fått med seg