Knut Oscar Fleten er banksjef Sparebank 1 Hallingdal og Valdres. No har dei fått ein gjæv miljøpris.

Kåra til «Årets Miljøfyrtårn 2020»: – Me er svært stolte

Sparebank 1 Hallingdal Valdres har imponert juryen såpass med sitt fokus på miljø at dei torsdag stakk av med ein gjæv pris.

– Me er svært stolte over å bli kåra til vinnar av Årets Miljøfyrtårn 2020. Det inspirerer og forpliktar til vidare satsing, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Knut Oscar Fleten.

Les meir om kva Miljøfyrtårn er i faktaboksen:

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er Norges største miljøsertifisering, med over 7300 sertifiserte verksemder i offentleg og privat sektor. Ordninga er anerkjend av myndigheitene ved offentlege innkjøp og godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar. Miljøfyrtårn er den første nasjonale ordninga i Europa som er blitt anerkjend av EU.

Våge å gjere noko konkret

«Årets miljøfyrtårn» er ein årleg konkurranse for å vise fram verksemder som juryen meiner viser veg mot ei grønare og meir berekraftig framtid. Sparebank 1 vann altså i kategorien for konsern og store verksemder.

– Vår ambisjon er å gjere det enklare for kundane våre å ta gode og rette miljøval. Me har heile tida meint at om me skal lykkast så må me våge å gjere noko konkret, ikkje berre på papiret. Det er årsaka til at me har lansert ei rekke gode finansielle produkt som gjer det enklare for kundane våre å ta miljøvenlege og energieffektive val, seier Fleten.

– Det har vore viktig å få dei tilsette med på dette. Eit breitt og godt internt engasjement er heilt avgjerande for å vidareutvikle oss sjølv og nå miljømåla som er sett for konsernet. Me håpar fleire i finansbransjen følgjer etter.

Les også
Snart blir transporten elektrisk i Hallingdal

I juryens grunngjeving heiter det blant anna at banken tek klimarisikoen i bank- og finansbransjen på alvor, vidare at dei er godt budd på kommande berekraftkrav.

– Juryen har særleg blitt imponert over korleis konsernet har gjort grep på fleire nivå for å bli ein miljøeffektiv organisasjon, samstundes som dei stimulerer både kundar, partnarar og bransjen til å trekke i berekraftig retning, skriv dei.

Ei rekke tiltak

Vidare nemner juryen nokre av tiltaka som dei meiner gjer at Sparebank 1 Hallingdal Valdres er eit eksemplarisk Miljøfyrtårn:

* Dei tilbyr fleire grøne finansielle produkt som skal stimulere kundar til klima- og miljøvenlege val og investeringar. Banken har fem ulike miljøprodukt til privatmarknaden som gjeld finansiering av hus og hytte, og eitt til næringslivskundar. Dei er med dette blant dei bankane i Norge som sidan 2016 har lansert flest utlånsprodukt som er med på å gjere energi- og miljøinvesteringar meir lønsamt for kundane.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dei jobbar med vidareutvikling av tenestetilbodet i berekraftig retning. Konsernet lanserte i 2019 fleire nye og tilpassa grøne produkt, der målet på sikt er å bygge ein betydeleg grøn balanse.

* Dei har laga eit grønt rammeverk, «Green Finance Framework», med tydelege krav til grøne utlån og innskot, og med minimumskrav innan berekraft for å få finansiering.

* Dei er ein pådrivar for at heile bankalliansen i Sparebank 1 følgjer etter i grøn retning.

* Dei jobbar systematisk med effektiv ressursbruk og med å redusere eigen miljøbelastning ved blant anna å redusere avfall og reiseverksemd.

* Dei stimulerer tilsette til større bevisstheit rundt miljø og engasjement gjennom interne tiltak.