Berre eitt køyrefelt ved Bromma var opent etter at semitraileren hadde sklidd i grøfta.
Berre eitt køyrefelt ved Bromma var opent etter at semitraileren hadde sklidd i grøfta.

Kan bli nøydd til å stenge riksveg 7

Ein semitrailer hamna i grøfta ved Bromma laurdag formiddag. Riksveg 7 kan bli heilt sperra laurdag kveld, når bilen skal bergast.

Det melder både politiet og vegtrafikksentralen. Semitraileren sperrar no det eine køyrefeltet, men vegen er open for trafikk. Det er etablert lysregulering på staden.

I kveld blir dei derimot nøydd til å stenge riksveg 7, når vogntoget skal bergast. Det vil skje ved åttetida i kveld. Ifølge politiet kan vegen bli stengt i opptil tre timar, men vegtrafikksentralen melder at dei vil forsøke å sleppe forbi trafikk om det er mogleg. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sklei av vegen

Ifølge politiets operasjonssentral var det svært glatt på vegen då uhellet skjedde laurdag formiddag. Både politi, brann og ambulanse rykte ut på hendinga. 

Semitraileren hadde hamna i grøfta, men sjåføren hadde kome seg ut av bilen. Ein personbil sklei også ut av vegen. Det er ikkje meldt om nokon personskade på nokon av dei som sat i køyretøya. 

Eit køyrefelt var stengt som følge av uhellet, så trafikken kunne framleis passere. 

Vegtrafikksentralen sende strøbil til staden. Vinterferien er i gang, og det er noko meir trafikk på riksveg 7 enn det vanlegvis er på ein laurdag.