Bileigaren var passasjer – men må i fengsel likevel.
Bileigaren var passasjer – men må i fengsel likevel.

Kamerat fyllekøyrde – bileigar i fengsel

Ein bileigar må i fengsel etter at ein kamerat fyllekøyrde med bilen hans.

Bileigaren frå Flå sat i passasjersetet.

Bak rattet sat ein kjenning av bileigaren som langt frå var edru etter ein fest i Nes. Køyreturen enda i grøfta. Ingen vart alvorleg skadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er bileigaren dømt til fengsel i 30 dagar og 18.000 kroner i bot. Hallingdal tingrett er samd med påtalemakta i at bileigaren skulle ha forvissa seg om at sjåføren fylte vilkåra for å køyre. For det gjorde han ikkje. Det vart teke blodprøve av bilføraren etter utforkøyringa, den viste 1,99 i promille.

Bileigaren sat i passasjersetet, og retten meiner han må ha vore klar over at sjåføren ikkje var edru. Han prøvde heller ikkje å hindre den fulle sjåføren frå å køyre bilen. Gjennom passivitet let han kameraten køyre bilen.

I tillegg til fengselsstraff og bot mista bileigaren førarretten i to år. Ein dyr lærepenge, med andre ord.