Mangeårig NRK-reporter Gunnar Grimstveit er død.
Mangeårig NRK-reporter Gunnar Grimstveit er død.

Journalist Gunnar Grimstveit er død

NRK-journalist i Hallingdal, Gunnar Grimstveit er død.

Det var NRK som melde om dødsfallet laurdag. Grimstveit døydde etter lengre tids sjukdom.

– NRK Buskerud er i sorg. Gunnar var vår mann i dalen; han var stemma frå Hallingdal, seier redaktør i NRK Buskerud, Chris Carlsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minnestund

Måndag morgon var redaksjonen samla til minnestund der alle vart informert om det som har skjedd, og der folk fekk dele gode minne om Grimstveit.

– Eg har sjeldan møtt ein så blid og positiv person som Gunnar. Han var ein godt likt kollega som me alle saman sette stor pris på. Gunnar etterlet seg eit stort tomrom og vil bli sakna i redaksjonen, seier Carlsen.

Han framhevar at Gunnar elska å snakke med vanlege folk om vanlege ting. Og folk likte å snakke med Gunnar. Han var ein meister på direkterapportar på radio.

– I dag går tankane våre til Gunnar sine nærmaste, seier Chris Carlsen.

Lærar og journalist

Gunnar Grimstveit var lærarutdanna, og jobba dei fyrste åra av arbeidslivet som lærar. Blant anna i Hemsedal.

I 1985 begynte han som journalist i Hallingdølen. Her var han tilsett fram til 1993.

Etterpå jobba han i Drammens Tidende, før han fekk fast jobb som NRK-reporter i Hallingdal.

Grimstveit dekte både Hallingdal og øvre Numedal frå kontoret i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjent og kjær røyst

Gunnar Grimstveit vart gjennom desse åra ei kjent og kjær røyst, og ein lokaljournalist mange i Hallingdal og Nore og Uvdal hadde god kontakt med.

- Det er med stor sorg me har teke imot beskjeden om at Gunnar Grimstveit er død, seier tidlegare  redaktør i Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard.

- Hadde journalistikken i blodet

Grimstveits bortgang gjer eit djupt inntrykk på tidlegare kollegaer i avisa.

- Gunnar var ein person som hadde journalistikken i blodet. I åra i Hallingdølen var han ein journalist som utmerkte seg med å spa opp mange gode nyheitssaker, seier Tormodsgard.

I tillegg var han ein kollega alle i avishuset sette stor pris på.

- Gunnar var ein god kollega og ein humorist som skapte god stemning rundt seg. Han blir djupt sakna, seier Bjarne Tormodsgard.