Jobbar med berging av vogntog

Eit vogntog køyrde av vegen på Rv7 ved Trøstheim i Flå natt til tysdag.

Politiet fekk melding om utforkøyringa litt over midnatt. Vogntoget låg godt på utsida av vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kom på staden og konstaterte raskt at det ikkje var nokon personskade.

Trafikken flaut fint forbi ulykkesstaden. 

I morgontimane tysdag starta arbeidet med å få vogntoget på vegen att. Dette fører til at vegen er delvis stengt og at bilistar må rekne med litt ventetid forbi staden.